Lege i spesialisering, Akutt- og Mottaksmedisin
Helse Bergen
- Frist 18.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Lege i spesialisering, Akutt- og Mottaksmedisin
Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus søker engasjerte legar som ønsker spesialisering i akutt- og mottaksmedisin.
Klinikken har seks einingar som gir eit breitt og variert arbeidsområde: Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Vi tilbyr ein spennande og utfordrande arbeidshverdag med høgt tempo og tverrfagleg samarbeid.
I 2023 blei 45 000 pasientar behandla i Akuttmottaket, og nærare 13 000 pasientar fekk innlegging på Mottaksklinikken sine sengepostar. Klinikken er ein del av Helse Bergen og har fleire store kliniske forskingsprosjekt, og vi oppfordrar alle søkarar som er interesserte i forsking til å søke.
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i akutt- og mottaksmedisin, og dei fleste læringsmål i LIS 2 for alle indremedisinske spesialitetar. For søkarar med mindre klinisk erfaring vil tenesta initialt fokusere på LIS 2 mål for indremedisin, for meir erfarne søkarar vil tenesta vere mer retta mot LIS 3 læringsmål i Akutt- og Mottaksmedisin med spissa teneste i Akuttmottaket. Det kan påreknast rotasjon til andre avdelingar på sjukehuset for å nå læringsmål lengre ut spesialiseringa.
Vi har ledig 100% fast stilling og 100% vikariat i 12 månader. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.
For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Ta gjerne kontakt dersom du har nokre spørsmål. Vi behandlar søknadene og kallar inn til intervju etter kvart som dei kjem inn, så vi oppmodar deg til å søke tidleg.
Arbeidsoppgåver
- LIS-Legane som blir tilsett vil få oppgåver i alle klinikken sine einingar, inkludert teneste i Akuttmottak og vil arbeide tett saman med klinikken sine overlegar
- LIS-legane vil også ha oppgåver i team saman med helsepersonell med ulik bakgrunn og kompetanse
- Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell frå ulike fagområde.
- Vaktteneste, inkludert kveld-, natt- og helgevakter, i dei ulike einingane.
- Moglegheit for forskingsdeltaking og bidrag til utviklinga av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS2/3-stilling i akutt- og mottaksmedisin.
- Meistrar norsk, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring frå akuttmedisin og akuttmottak er ein fordel, men nyutdanna legar er også velkomne til å søke.
Personlege eigenskapar
- Interesse for tverrfagleg samarbeid i eit hektisk og dynamisk miljø.
- Gode evner til å handtere pasientar med samansette og akutte problemstillingar.
- Ønskje om fagleg og personleg utvikling i eit aktivt og støttande læringsmiljø.
- Interesse for forsking og forbetring av medisinsk praksis.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og som del av eit team.
Vi tilbyr
- Spesialistutdanning innan akutt- og mottaksmedisin, inkludert rotasjon til relevante avdelingar for å oppnå læringsmål i LIS 2 og LIS 3.
- God fagleg støtte frå erfarne overlegar og kollegaer.
- Lønn etter gjeldande overeinskomstar og gode pensjons- og forsikringsvilkår.
- Moglegheit for deltaking i forsking og utvikling innan akuttmedisin.
- Eit spennande, aktivt og støttande arbeidsmiljø.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Indremedisin, Lege, LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Akutt- og Mottaksmedisin, LIS, LIS-lege, Lege i spesialisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383558627
- Sist endret