Kreftsjukepleiar/palliasjonsjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
- Frist 06.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Kreftsjukepleiar/palliasjonsjukepleiar
Vi søkjer ein dyktig og engasjert sjukepleiar innan kreft/palliasjon til fast 100% stilling ved Behandlingsavdelinga på Luranetunet. Vi er ei korttidsavdeling med 20 plassar og har spesialisert oss på omsorg ved livets slutt. Vi har også 2 KAD-senger som kan nyttast til kreftpasientar for kortare behandling.
Som kreft/palliasjons-sjukepleiar vil du få ansvar for oppfølging etter cellegift, strålebehandling og immunterapi i tillegg til andre sjukepleieoppgåver i avdelinga. Saman med øvrig personale i avdelinga vil du ta del i eit tverrfagleg samarbeid med mellom anna fysioterapeut, ergoterapeut, lege og tilsette i heimesjukepleia. Du vil også få i oppgåve å rettleia pårørande og kollegaer.
Vi har allereie ein kreftssjukepleiar i avdelinga, men ser behov for å tilsetja fleire med kompetanse innan kreft eller palliasjon.
Vi ser etter deg som:m
- har høgt fokus på kvalitet og etikk
- du er engasjert, fleksibel og har godt humør.
- ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisera og stimulera pasientane for å få fram glede og trivsel i kvardagen, og som likar å utføre god pleie når livet går mot slutten.
- deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- bidrar positivt til vår gode kultur i Behandlingsavdelinga, og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst.
Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar
Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der .
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Vi kan tilby
- Vi har fokus på heiltidskultur og kan tilby 100% stilling, men stillingsstorleik kan diskuterast. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg. I tillegg har vi eigne nattevaktslag med tilsette som berre jobbar nattevakter.
- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- Luranetunet har plan for internundervisning
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solstrandsvegen 39, 5200 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Kreft/onkologi, Sykepleier
Nøkkelord
kreftsykepleier, palliasjon, eldreomsorg, sykehjem, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383559121
- Sist endret