Sjukepleiar - 100 % fast Heimetenester Os
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar - 100 % fast Heimetenester Os
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Vi har ledig 100 % fast stilling fom. 01.01.25 i Avdeling 1 i ca 1 år. Etter dette er stillinga tilknytt Ressursbemanningsavdelinga i Heimetenester Os. Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidere. Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
Arbeidsstad
Heimetenester Os
Arbeidsoppgåver
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare.
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar.
- Dokumentera helsehjelp i Profil.
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde.
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester.
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Førarkort kl. B.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør.
- Evne til å møte andre på ein respektfull måte, -brukaren sin heim er vår arbeidsplass
- Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Holen 1, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
Nøkkelord
Sykepleier, Eldreomsorg, Os, Hjemmetjeneste
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383694291
- Sist endret