MST-terapeut
Bufetat
- Frist 10.01.2025
- Ansettelsesform Fast
MST-terapeut
MST-teamet i Stavanger har ledig 2 faste 100% stillingar som MST-terapeut.
Vil du ha ein fleksibel arbeidskvardag og vere med på å utgjere ein forskjell for ungdom og familiar, kan MST-terapeut vere noko for deg. Vi søker fortrinnsvis psykolog/psykologspesialist, men kandidatar med helse- og sosialfagleg bakgrunn og relevant klinisk vidareutdanning, kan også søke.
Stillinga er plassert i eining med andre avdelingar med totalt 4 MST team, 2 RFT team i Bufetat region vest. NUBU ( Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge) leiar implementering av MST i Noreg og vil delta aktivt i tilsetjingsprosessen.
Bufetat har eigne einingar som driv med multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. MST er ein evidensbasert metode, utvikla i USA. Terapeutane jobbar i heim, nærmiljø og skole med foreldre og ungdom, der ungdommen står i fare for å bli plassert utanfor heimen. Kvar terapeut jobbar med 3-5 familiar om gongen, i opptil fem månader. I løpet av ei arbeidsveke har du fleire treffpunkt med familiane du følgjer opp, samt møter med andre frå «laget rundt ungdommane» som skule, barnevern, psykisk helsevern osv. MST er fleksible på møtetidspunkt, så det betyr at du innimellom må ha møter på ettermiddag/kveld. Til gjengjeld får du fleksibiliteten til å disponere tida di fritt, når du ikkje har møter. Arbeidsbelastninga per veke vil variere, og styres av kva som skjer i behandlingane. Eit MST-team består av tre-fire terapeutar og ein avdelingsleiar/rettleiar som er fagleg og administrativt ansvarleg for teamet. Behandlinga er tilgjengeleg for familiane 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Vakttelefon vil rullere mellom terapeutane. Tilgjengelegheit i rolla som terapeut er regulert gjennom eigen særavtale for MST og er godt økonomisk kompensert, i tillegg til ekstra fridagar.
Arbeidsoppgåver
- Terapeutisk arbeid etter MST sine behandlingsprinsipp og praksis
- Koordinera det faglege arbeidet i kvar enkelt sak og samarbeide nært med blant anna skule, PPT, barnevern, politi og psykisk helsevern
- Delta i vekentleg rettleiing og konsultasjon, samt jamleg opplæring
- Utføre MST sine kvalitetssikringsrutinar
- Drive informasjonsarbeid om MST
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis profesjonsstudiet i psykologi. Kandidatar med mastergrad/hovedfag i helse- og sosialfag med relevant klinisk vidareutdanning, eller bachelor i helse-og sosialfag med relevant klinisk vidareutdanning kan også søkje.
- Grundig kjennskap til det teoretiske fundament som metoden byggjer på, det vil sei system/familieteori, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori
- Gode engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Vidareutdanning og/eller erfaring frå familieterapi eller kognitiv terapi og arbeid med barn/ungdom med alvorlege åtferdsvanskar er svært ønskjeleg
- Relevante IKT-kunnskapar
- Førarkort for bil klasse B
- Det er svært ønskjeleg at du kan disponera eigen bil i tenesta, mot kilometergodtgjering
- Det vil vere avgjerande for tilsettinga at søkjar kan stille på opplæringsuke med NUBU i Oslo i mai veke 21.
- Tidspkt for intervju 17.01.2025, mulig noko fleksibilitet
- Ønska oppstart primo/medio mai 2025
Personlege eigenskapar
- Du har ønskje om og evne til å arbeide systematisk, målretta og fleksibelt
- Du har svært gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar
- Du evner å prioritere og arbeide strukturert
- Du må evne å arbeida sjølvstendig
- Personlege eigenskapar vil vektleggjast høgt
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 624 500 - 692 400 pr. år (ltr. 64-70), 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 745 000 - 821 100 pr.år (ltr. 74-78), eller 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 667 700 - 745 000 pr. år (ltr 68-74).
- Alternativt som sosialfagleg, er stillinga plassert i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1509 spesialutdanna vernepleier, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, p.t. kr 548 600 - 646 000 (ltr. 56-66). For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Det forventast høg grad av tilgjenge, noko som bli godt kompensert i eigen MST særavtale, pt ca 200 000,- pr. år som er pensjonsgjevande,samt ekstra fridagar.
- Løyve til å trene ein time pr. uke i arbeidstida
- Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø
- Opplæring i MST metode og faglege boostere kvert kvartal i regi av NUBU.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv
Endeleg løn blir fastsett etter at lønsoppgjeret for 2024 er ferdig.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeiderarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er p.t. lagt til MST Stavanger.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngis. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykologspesialist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383812942
- Sist endret