Universitetslektor i barnehagepedagogikk
OsloMet - storbyuniversitetet
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Universitetslektor i barnehagepedagogikk
Ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar er det ledig inntil fire 100 % faste stillingar som universitetslektor i barnehagepedagogikk med tilsetjing frå 1. august 2025. Det er spesielt innanfor fagområda leiing, rettleiing, spesialpedagogikk og kulturell kompleksitet vi treng fleire dyktige medarbeidarar.
Institutt for barnehagelærarutdanning har om lag 2000 studentar og 135 tilsette, og er lokalisert i Pilestredet i Oslo sentrum. Instituttet tilbyr bachelor i barnehagelærarutdanning og master i barnehagekunnskap, samt ei rekkje etter- og vidareutdanningskurs. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning. Instituttet har eit utstrekt samarbeid med barnehagar og institusjonar som er relevante for arbeidet vårt.
Kollegiet samarbeider i tverrfaglege undervisningsteam. Pedagogikk inngår i mange emne, mellom anna i kunnskapsområdet «Barns utvikling, leik og læring», i vidareutdanning på oppdrag, Regional ordning og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Les meir om fakultetet og instituttet: Oslomet.no/om/LUI
Les meir om forskargruppene våre: Oslomet.no/forskning/forskningsgrupper
Arbeidsoppgåver:
- undervise, rettleie og vurdere på bachelornivå samt på etter- og vidareutdanningstilbod (EVU-tilbod)
- følgje opp studentar i praksisopplæring
- arbeide med oppdragsfinansierte samarbeid med praksisfeltet avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov
- gjennomføre eige forskings- og utviklingsarbeid
Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar innanfor barnehagefeltet. - oppsøkje og delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
- bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
- utføre fagleg-administrative oppgåver
Kvalifikasjonskrav:
- mastergrad, hovudfag eller embetseksamen i barnehagekunnskap, pedagogikk eller tilsvarande
- dokumentert grunnleggjande kompetanse i undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje kan dokumentere slik universitetspedagogisk basiskompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ei toårsperiode. OsloMet tilbyr emnet Universitets- og høgskulepedagogisk basiskompetanse (UHPED) som dekkjer dette kravet. - kjennskap til og/eller røynsle frå barnehagefeltet eller frå barnehagelærarutdanninga
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (minimum B2-nivå) og på engelsk
Dei generelle kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskingsstillingar følgjer av «Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (FOR-2006-02-09-129)», jf. overgangsreglar omtala i Forskrift til universitets- og høyskoleloven § 13.2.
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:
- forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga.
- røynsle med partnerskapsordningar og samarbeid med praksisfeltet
- røynsle med barns utvikling, leik og læring
- røynsle med og kunnskap om følgande felt: leiing, kulturell kompleksitet, spesialpedagogikk og rettleiing
- undervisningsrøynsle på bachelor- og masternivå, fortrinnsvis frå barnehagelærarutdanninga
- pedagogiske evner
- god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
- god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
- personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
Vi legg òg vekt på om du er personleg egna.
OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.
Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å legge til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du òg velkommen til å søkje hos oss.
Søknadsprosess:
Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:
- søknadsbrev.
- CV
- attestar og alle sider av vitnemål
- fullstendig publikasjonsliste
- to referansar med kontaktinformasjon
OsloMet behandlar berre søknader som er sendt via det elektroniske rekrutteringssystemet, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.
Før søknadspapira blir sende til dette utvalet, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansattelova (lovdata.no) og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.
OsloMet har slutta seg til prinsippa i DORA-erklæringa og forplikta institusjonen til å følgje anbefalingane i denne.
Har du dokument som ikkje kan lastast opp elektronisk, kontakt Ingrid Andvin Tsolakis på e-post: iats@oslomet.no
Vi tilbyr
- interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
- deltaking i forskingsgruppe og eit kreativt og inspirerande fagmiljø
- moglegheiter til fagleg utvikling
- tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
- låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport
Andre opplysningar:
For nærare informasjon om stillinga kan følgjande personar kontaktast:
- Studieleiar Geir Aaserud, mobil +47 922 42 810/e-post:
Geir.Aaserud@oslomet.no - Studieleiar Cathrine Døscher, mobil + 47 454 66 071/e-post: cathrine.doscher@oslomet.no
Stillinga blir løna etter Statens lønsregulativ og OsloMets lønspolitikk, som universitetslektor i kode 1009, i lønssteg 51–66 (frå kr 509 300 til kr 646 000 per år). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.
Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillinga».
Om arbeidsgiveren
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) har ca. 650 ansatte og 7400 studenter, og holder til i Oslo og Akershus. Fakultetet består av fire institutter og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Fakultetet utdanner fremtidens lærere fra barnehage til og med videregående skole, i nært samarbeid med praksisfeltet. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning. I tillegg tilbyr fakultetet utviklingsstudier og utdanning i tegnspråk og tolking. Mangfold er en kjerneverdi for fakultetets virksomhet. Forsknings- og utviklingsarbeidet er profesjonsrettet, praksisnært og internasjonalt orientert.
Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU) har sterke fagmiljøer som bidrar til forskningsbasert kunnskap av relevans for samfunnets utfordringer på barnehagefeltet. Instituttet utvikler sine utdanninger i nært samarbeid med praksisfeltet gjennom studentenes praksisopplæring og gjennom forsknings- og innovasjonsprosjekter. Instituttet tilbyr bachelorstudier i barnehagelærerutdanning, masterstudium i barnehagekunnskap og etter- og videreutdanninger.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Pilestredet 46, 0167 Oslo
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Veileder
Nøkkelord
Undervisning, veiledning, forskning, barnehagelærerutdanning, pedagogiske evner, leiing, rettleiing, spesialpedagogikk og kulturell kompleksitet.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383825547
- Sist endret