Rådgjevar/Jurist 100% fast innan lovbrotsoppfølging
Øygarden kommune
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Arealforvalting
Om avdelinga:
Eining for arealforvaltning består av avdelingane:
- byggesak og landbruk
- klage og tilsyn
- oppmåling
Avdeling for klage og tilsyn består av 7 årsverk og har ansvar for tilsyn og lovbrotoppfølging etter plan- og bygningslova, samt klagesaker for alle eininga sine fagfelt.
Vi har no ein ledig stilling som jurist/rådgjevar på lovbrotsoppfølging.
Arbeidsoppgåver:
- Lovbrotsoppfølging etter plan- og bygningslova
- Kan og verte aktuelt med tilsynsoppgåver og klagehandsaming
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Master i rettsvitskap/Cand. jur
- Relevant arbeidserfaring frå byggebransjen eller offentleg verksemd
- Kompetanse innan fagområdet og aktuelle lovverk som plan- og bygningslova og forvaltningslova
- Førarkort klasse B
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God skriftleg og munnleg norskkunnskap
- Gode datakunnskapar
- Evne til å arbeide nøyaktig, sjølvstendig og effektivt
- Må meistre å arbeide under høgt tempo med mange oppgåver
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr:
- Gode moglegheiter for heimekontor
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar Christer Garmann,
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Avdelinga tilsyn og klage består i dag av 4 tilsette og er del av eining byggesak, tilsyn og miljø. Avdelinga skal utvidas til 8 årsverk. Arbeidsstad er kommunehuset på Straume.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Jurist, Rådgivning
Nøkkelord
rådgiver, rådgjevar, jurist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383855871
- Sist endret