Lege i spesialisering innen rus- og avhengighetsmedisin
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 20.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Lege i spesialisering,rus- og avhengighetsmedisin
Ønsker du nye utfordringar i 2025? Kva med å bli ein del av eit fagfelt som stadig er i utvikling? Eit fagfelt der du som lege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø? Då bør du vurdere ei stilling hos oss. Vi søker ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med å vidareutvikle eit godt og heilheitleg behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling(TSB).
Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar for lege i spesialisering (LIS) ved avd. TSB, Ålesund behandlingssenter frå 10.02.2025.
Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter har tilbud om avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Avdelinga tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Som LIS vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus-og avhengighetsmedisin hos oss.
Ta kontakt om du ønsker meir informasjon. Du er velkomen som søkar!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
- Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m.
- Tverrfagleg samarbeid
- Deltaking i avdelinga si vaktordning
- Undervisning
Kvalifikasjonar
- Den som vert tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
- Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke midlertidig stilling
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Du må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (det er krav at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
- Vi søker deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
- Vi søker deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Vestmoa 27, 6018 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege, LIS, Spesiallege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rus, avhengigshetsmedisin, lege, spesialisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383859982
- Sist endret