Vikar kundehandsamar
Finnås Kraftlag AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat kundehandsamar
Har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Me ser etter ein serviceinnstilt og ansvarsbevisst person som kan ivareta kjerneverdiane våre: servicevenleg, rettskaffen, offensiv og dyktig.
Stillingsprosent 80% (100% om ønskeleg)
Varighet vikariat: 12.mnd
Arbeidsoppgåver:
· Kundehandsaming
· Ta hand om sentralbordet og sikre god service til kundar og samarbeidspartnarar
· Posthandtering
· Hjelpe til med kantinefunksjon ved behov
· Utføre andre administrative oppgåver
Ønska kvalifikasjonar:
· Me søker ein positiv og utadvent person som meistrar travle periodar med pågangsmot og godt humør.
· God munnleg og skriftleg formuleringsevne
· Er strukturert, påliteleg og trivst med varierte oppgåver
· Relevant erfaring er ein fordel, men personlege eigenskapar blir vektlagt høgt
· Gode samarbeidsevne
Me kan tilby:
· Gode løns- og pensjonsvilkår
· Eit positiv, trygt og inkluderande arbeidsmiljø
· Variert kvardag
· Velferdshytte
Kontaktpersonar for stillinga:
Administrerande direktør; Tor Bjarne Smedsrud, tlf: 908 72 257
Administrasjons- og marknadssjef; Bente Steinsland, tlf: 482 18 103
Send søknad til:
Søknad sendast på e-post til firmapost@finnas-kraftlag.no. Merk e-post med «vikariat kundehandsamar»
Søknadane vil bli gjennomgått fortløpande, så me oppmodar deg om å vera rask med å søke.
Om arbeidsgiveren
Finnås Kraftlag SA er eit konsern med to heileigde dotterselskap, Finnås Kraftlag AS og Bømlo Kraftnett AS . Finnås Kraftlag AS er leverandør av breibandtenester, kraft, elbilladarar, solcellepanel og smart straumstyring, medan Bømlo Kraftnett er nettselskapet som eig og driftar straumnettet på Bømlo, med unnatak av Brandasund. Finnås Kraftlag SA er organisert som eit sameige og er eigd av innbyggjarar og bedrifter på Bømlo. Finnås Kraftlag SA leverer administrative tenester til dotterselskapa. Konsernet har til saman 32 dyktige tilsette
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Samvirke
- Sted: Hollundsdalen 1, 5430 Bremnes
- Bransje: Elektronikk, Kraft og energi, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Resepsjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kundehåndtering, kundehandtering, sentralbord, kontorarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383862284
- Sist endret