Operatør Farleg Avfall
Sunnfjord Miljøverk IKS
- Frist 29.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Gjenvinningsoperatør: farleg avfall
Gjenvinningsoperatør - farleg avfall
Har du interesse for miljøet og vil bidra til trygg handtering av farleg avfall? Vi søkjer ein fleksibel og praktisk anlagt gjenvinningsoperatør for farleg avfall.
Arbeidsopppgåver
Som gjenvinningsoperatør for farleg avfall vil du ha ansvar for å samle inn, sortere og deklarere farleg avfall i tråd med gjeldande regelverk. Jobben vil i hovudsak vere knytt til hovudanlegget på Einestølen, men du må også kunne reise mellom våre seks gjenvinningsstasjonar. Arbeid utanom normal arbeidstid kan påreknast. Du vil òg delta i andre driftsoppgåver ved behov.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
- Har erfaring innan logistikk og produksjon
- Har relevant arbeidserfaring innan farleg avfall
- Har vilje til å ta fagbrev i gjenvinningsfaget
- Har ADR-kompetanse §1.3 og gjerne truckførarbevis eller maskinførarbevis. Dersom du manglar sertifikat, kan vi hjelpe deg med å skaffe dette
- Har gode IT- og språkferdigheiter (norsk og engelsk)
- Er nøyaktig, serviceinnstilt og fleksibel
Vi tilbyr
- Ein trygg jobb i ein trygg bransje, og ein arbeidsplass som er i Ein trygg jobb i ein samfunnsviktig bransje.
- Kompetanseheving gjennom kurs og nettverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Lurar du på korleis det er å jobbe i Sunnfjord Miljøverk?
Les om Lennart og Karoline som fekk draumejobben hos oss! (https://www.framtidsfylket.no/artikler/sum-karolineoglennart)
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord Miljøverk handterer hushalds- og næringsavfall for eigarkommunane og driftar gjenvinningsstasjonar, sorteringshall og deponi. Vårt mål er å sikre miljøvenleg og effektiv avfallshandtering, der ressursar blir tatt vare på.
Er dette noko for deg? Søk i dag!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kloppstadvegen 310, 6815 Førde
- Bransje: Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384347951
- Sist endret