Konsulent/førstekonsulent
Utdanningsdirektoratet
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye IT-medarbeidar?
I Utdanningsdirektoratet jobbar vi for at barn og unge trivst og meistrar i eit inkluderande læringsmiljø. Ein viktig del av denne jobben er å sikre god forvaltning og vidareutvikling av kompetansetiltaka retta mot tilsette i barnehage, skule og SFO. Vi er med på å bidra til at barn og unge får betre tilbod i barnehage og skule, og til dette treng vi dyktige og engasjerte kollegaer.
Vi søkjer ein serviceinnstilt og løysingsorientert medarbeidar med erfaring frå IT brukarstøtte, for eksempel frå førstelinjesupport og gjerne innan drift. Hos Udir vil du få moglegheit til å utvikle deg i eit dynamisk og moderne IT-miljø. Du blir ein del av eit team som set høge krav til servicenivå, stabile løysingar og ein fleksibel IT-plattform. Som første kontaktpunkt ved tekniske problem er det viktig at du er trygg med telefonen som arbeidsverktøy, samt at du kan hjelpe tilsette direkte. Vi brukar Topdesk som supportverktøy og har elles ein Microsoft-basert plattform.
I avdeling for IKT drift får du jobbe med godt kvalifiserte medarbeidarar i eit hyggeleg og lærerikt miljø. Udir har mange IT-system både for tilsette og retta mot sektor. Du vil jobbe mest mot tilsette, men kan òg bli involvert i samarbeidsprosjekt og andre oppgåver. Avdelinga består av 13 medarbeidarar og har mellom anna ansvar for tilsetteløysingar som Windows, Office 365, Microsoft Azure skyplattform, samt «on-prem»-løysingar. Avdelinga har òg ansvar for eigedomsforvaltning og husdrift, og er underlagt divisjon for styring og organisasjon.
Arbeidsoppgaver
- feilsøking, feilretting og rettleiing
- teknisk vedlikehald av IT-utstyr
- tilrettelegging for og installasjon av programvare
- installasjon og oppkopling av IT-utstyr
- teknisk on- og offboarding av brukarar
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- minimum fagbrev innan IT driftsfaget eller tilsvarande (relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet)
- relevant erfaring, til dømes frå IT brukarstøtte og/eller oppkopling og teknisk support på IT-utstyr
- grunnleggjande ferdigheiter innan Microsoft Windows og Office 365
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har:
- erfaring med bruk av supportsystem og korleis dette kan brukast for å forbetre kundesupport og prosessar
- erfaring med feilsøking og installasjon av programvare, fortrinnsvis MS Intune
- kjennskap til Cisco og Pexip AV-løysingar
Personlige egenskaper
Du er:
- god til å samarbeide og evner å skape gode relasjonar
- brukar- og serviceorientert
- strukturert og effektiv med god gjennomføringsevne
- initiativrik, sjølvstendig og trivst med å jobbe i team
- interessert i fagleg utvikling og ønskjer å lære nye ting
Vi tilbyr
- lønn som konsulent (kode 1065) eller førstekonsulent (kode 1408), p.t kr 441 000 – 545 000 per år (frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse)
- moderne lokale i Oslo sentrum
- eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- utbreidd bruk av team- og prosjektorganisering
- gode faglege utviklingsmoglegheiter
- ei verksemd som jobbar systematisk med utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning
- trening i arbeidstida
Utdanningsdirektoratet skal pregast av mangfald, og vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i søknaden dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar til intervju i kvar gruppe. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Vi legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette opplysast om og grunngjevast i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Om arbeidsgiveren
Utdanningsdirektoratet bidrar til at alle
elevar og lærlingar får eit godt læringsutbytte og eit godt læringsmiljø, og at
barnehagar er ein god arena for leik, omsorg, læring og danning. Hos oss får du jobbe med kolleger med brei fagleg kompetanse. Vi jobber brukerretta, samordna og digitalt og er stolte av å jobbe med å utvikle barnehage- og
skolesektoren. Vi er underlagde Kunnskapsdepartementet og har kontor i Oslo, Tromsø, Molde og
på Hamar.
Les meir på udir.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Schweigaards gate 15b, 0191 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
IT, Drift, Support
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384349478
- Sist endret