IKT-konsulent - Odda vgs
Vestland fylkeskommune
- Frist 03.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Trivst du med å hjelpe og jobbe tett med brukarane og er sterkt oppteken av IT-sikkerheit?
I rolla som IKT-konsulent har du ansvar for å gje IKT-støtte og drifte IKT på skulen, tannklinikk og trafikkstasjon i nærleiken.
Samstundes har vi eit behov for å bli betre på endepunktsikkerheit. Vi søkjer deg som er villig og ønskjer ei rolle som aktiv bidragsytar for endepunktsikkerheit, i tillegg til å vere IKT-konsulent. Arbeidsstaden vil vere på Odda vidaregåande skule.
Arbeidsoppgåver
I rolla som koordinator for endepunktsikkerheit vil du få ansvar for å leie koordineringsarbeid og respons på IT-sikkerheitshendingar knytt mot endepunktsutstyr i Vestland fylkeskommune. Her vil du jobbe tett saman med andre tekniske ressursar som har eit ende-til-ende-ansvar for respons på it-hendingar. Overordna oppgåve er å sikre trygge og stabile klient løysingar for ca 6500 brukare fordelt på ulike lokasjonar rundt om i fylket.
Den vi ser etter brenn for IT-sikkerheit og bidrar til vår nullskadekultur (Zero Trust), likar høgt tempo og er nyfiken.
I jobben må du forvente noko reise og det vil være naudsynt med bil og førarkort.
Kven er du og dine kvalifikasjonar?
Den som vert tilsett må ha:
- Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet – særleg relevant praksis/erfaring kan kompensere for utdanningskrava
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ein fordel med:
- Erfaring frå arbeid innan IT-drift
- Erfaring frå arbeid med IT sikkerheit i større driftsmiljø
- Erfaring innan respons eller inntrengingsdeteksjon
- Sertifiseringar innan IT-sikkerheit
- Erfaring frå oppfølging av eksterne leverandørar
- Kjennskap til ITIL
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit
- Positiv innstilling og flink i dialogen med menneske
- Gode samarbeidseigenskapar og ønske om å understøtte ein delingskultur
- Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
- Vilje til kontinuerleg fagleg oppdatering og fornying
Kvifor søke jobb hos oss?
Dersom du byrjar å jobbe hjå oss kan vi love deg varierte arbeidsdagar med meiningsfulle arbeidsoppgåver. Du vil få gode moglegheiter for fagleg påverknad og personleg utvikling ieit sterkt, tverrfagleg miljø. Arbeidsmiljøet vårt er uformelt, og vi er opptekne av å støtte og hjelpekvarandre med det faglege.
I fylkeskommunen har vi gode pensjons- og forsikringsordningar. Løna er i samsvar med gjeldandeavtalar i Vestland fylkeskommune.
Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Seksjonen består av fire faggrupper, og dennestillinga ligg i faggruppa tenesteleveranse. Tenesteleveranse har ansvar for alt utstyr som møter brukaren.Arbeidsplassen til IKT-konsulentane er ute på ein lokasjon. Faggruppa er også den største faggruppa iseksjonen med ca. 45 IKT-konsulentar. Totalt på seksjonen er det ca. 80 medarbeidarar og 40 lærlingar.
I tillegg til faggruppene i seksjonen har vi også fagteam. Fagteama er spesialist team med medlemmar fråfleire av faggruppene for tverrfagleg samarbeid og utvikling.
Har du spørsmål om stillinga er du hjarteleg velkommen til å kontakte Stig Thomas Boge. Sjå kontaktinformasjon.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Stillingsnemning IKT-konsulent/spesialkonsulent/ingeniør etter kvalifikasjonar og erfaring.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader samt eit krav om politiattest vedtilsetting, jamfør opplæringslova § 10-9, 1, og 2.ledd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjortsjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntakfrå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Les meir her om jobb og karriere i Vestland fylkeskommune: Jobb og karriere
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Eidesmoen, 5750 Odda
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-sikkerhet, IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Endepunkt, IT -drift, IT-support, IT sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384431451
- Sist endret