100% vikariat som konsulent
Bjørnafjorden kommune Stab og utvikling
- Frist 02.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Innbyggarservice har ledig eit vikariat som konsulent, med moglegheit for forlenging eller fast stilling
Innbyggarservice omfattar kommunetorg og sentralbord, kommunikasjon, utvalssekretariat, post og arkiv. Vi har òg ansvar for gjennomføring av kommunestyre-, fylkestings- og stortingssval. Vi er på utkikk etter deg som gjerne vil yta service til innbyggarar, tilsette og politikarar i Bjørnafjorden kommune. Arbeidsstad er Bjørnafjorden rådhus på Osøyro og/eller Kommunetunet i Eikelandsosen. Vikariatet er ledig frå no og ut januar 2026, med moglegheit for forlenging eller fast stilling.
ArbeidsoppgåverArkivering
Utvikle og àjourhalde skrivereglar
Rettleie saksbehandlarar i saksystemet WebSak
Førebu og gjennomføre politiske møte
Ta vakter i sentralbord og kommunetorg
Kvalifikasjonar Du har
Høgare utdanning innanfor dokumentasjonsforvaltning/arkiv. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Brei kunnskap om lovverket innanfor offentleg forvaltning.
Erfaring frå elektronisk arkiv og digital saksbehandling.
Grundig kjennskap til personvern.
God IKT-kunnskap og systemforståing.
Eigenskapar
Du er nøyaktig, ryddig og strukturert.
Du er glad i folk, trivst med å samarbeide med kollegaer, og bidrar til å skapa gode relasjonar både internt og eksternt.
Du er nytenkande, engasjert og fleksibel.
Du likar utfordringar og tar initiativ til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
Du er brukar- og sørvisorientert, og kommuniserer konstruktivt.
Du bidreg til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Lønn etter gjeldande avtalar.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon, Konsulent
Nøkkelord
konsulent, innbyggarservice, dokument, arkivering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384439305
- Sist endret