Lærling i service- og administrasjonsfaget
Vestland fylkeskommune
- Frist 01.03.2025
- Ansettelsesform Lærling
Lærling i service- og administrasjonsfaget
Er du ute etter ei spanande læretid med kjekke kollegaer i eit inkluderande og lærerikt miljø? Ved Amalie Skram vgs. har vi to ledige læreplassar i service- og administrasjonsfaget frå hausten 2025. Stillinga vil vere lokalisert i vårt moderne skulebygg i Bergen sentrum vegg i vegg med AdO Arena. Normal læretid vil vere 2 år dersom du går ordinært løp frå vg2 service, tryggleik og administrasjon.
I læretida vil du mellom anna lære mykje om:
- Kommunikasjon og service
- Relevante lover og regelverk
- IKT og bruk av dataverktøy
- Organisering av små og store arrangement
Les gjerne meir på vår nettside om korleis det er å vere lærling i Vestland fylkeskommune:
https://www.vestlandfylke.no/jobb-og-karriere-i-vestland-fylkeskomune/bli-larling-i-vestland-fylkeskommune/
Du kan lese meir om skulen her:
https://www.amalieskram.vgs.no/
Arbeidsoppgåver
Som lærling i service- og administrasjonsfaget vil du i læretida jobbe med eit breitt spekter av ulike oppgåver i samsvar med læreplanen.
Døme på dette er:
- Bruke ulike former for kommunikasjon for å samhandle; slik som telefon, e-post og Teams
- Enkel sakshandsaming og dokumenthandtering
- Utarbeiding av rutiner, grafisk- og informasjonsmateriell
- Arbeid med løn, reiserekningar, fakturahandsaming og rekneskap
- Planlegging og gjennomføring ulike elevaktivitetar
- Arbeid med internasjonalisering
- Prøveplanlegging og eksamensarbeid
- Organisering av interne møter, samlingar og arrangement med booking av møterom, opplevingar og reiser
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått vg1 og vg2 i Service, sikkerhet og administrasjon eller tilsvarande
- Gode datakunnskapar og god skriftleg framstillingsevne
- Ha vurdering «god» i både orden og adferd begge år, og lite fråvær
- God munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne, noko engelskkunnskap er også naudsynt
Personlege eigenskapar
- Ei positiv innstilling
- Open og lærevillig
- Initiativrik og strukturert
- Punktlig og høflig
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å handtere mange ulike oppgåver
Vi tilbyr
Amalie Skram vgs. har lang og god erfaring med lærlingar og tilbyr tett oppfølging av fagleg leiar og kollegaer på kontoret.
- Løn etter tariff som stig gradvis i læretida
- Mange kjekke kollegaer som vil ta godt vare på deg i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø
- Arbeidsplass i eit moderne bygg med AdO Arena vegg i vegg
- Gratis treningsrom
- Ulike sosiale aktivitetar
- Hospitering på ulike avdelingar i fylkeskommunen
- Høve til å søke utveksling i utlandet
- Oppstart etter avtale haust 2025
Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, kan du ta kontakt med fagleg leiar Tina Evensson Eknes eller spesialkonsulent Ruth Helen Langnes Polden.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Lungegårdskaien 40, 5015 Bergen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Resepsjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærling, service, administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384482358
- Sist endret