Rådgjevar for prosjekt nærværsarbeid og sjukefråværsoppfølging
Helse Førde
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Prosjekt
Prosjektstilling nærvær og sjukefråvær
HR-rådgjeving er ein av fem seksjonar i HR-avdelinga. HR-rådgjeving yter leiarstøtte og har systemansvar innan personal og HMS. Seksjonen består i dag av seksjonsleiar,
tre HR-rådgjevarar, ein forhandlingssjef, to juristar/advokat og ein HMS-rådgjevar.
Helse Førde arbeider for å ha medarbeidarar som er friske og i aktivt arbeid. Er du den som kan lage gode strategiar og drive dette arbeidet?
I Helse Førde jobbar vi kontinuerleg med å forbetre oss slik at vi kan levere best mogeleg tenester til våre innbyggarar, for å få dette til trenger vi medarbeidarar som er kompetente, motiverte og på jobb. No satsar vi stort på førebyggande nærværsarbeid og oppfølging av sjukemeldte medarbeidarar og er difor på leit etter ein engasjert medarbeidar som vil inngå i ei prosjektgruppe som skal jobbe med å utvikle nærvær- og sjukefråværsoppfølging i føretaket.
Vi har ledig 100% prosjektstilling for nærværsarbeid og sjukefråværsoppfølging, varigheit to år. Vi søkjer etter ein fagleg dyktig, engasjert og utviklingsorientert medarbeidar.
Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø og engasjerte kollegaer.
Arbeidsoppgåver
- Vere med å utvikle godt arbeidsmiljø og inkluderande arbeidsplassar
- Jobbe samen med leiarane, vernetenesta og tillitsvalte for å oppnå styrka medarbeidarskap og nærværskultur
- Gje opplæring og rettleiing til leiarane i førebygging og oppfølging av sjukefråvær
- Legge til rette for erfaringsutveksling
- Utgreie og igangsette naudsynte tiltak knytt til nærværsarbeid og sjukefråværsoppfølging
Kvalifikasjonar
- Høgskule-/universitetsutdanning er å føretrekke, anna relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Erfaring frå nærværsarbeid og sjukefråværsoppfølging
- Erfaring frå prosjektarbeid
Personlege eigenskapar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Har gode samarbeidsevner
- Er engasjert og motivert og er oppteken av å skape resultat
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver i ein stor og profesjonell kompetanseorganisasjon
- Dyktige kollegar og godt arbeidsmiljø
- Eit føretak som ligg i forkant når det gjeld bruk av elektronisk HR-system
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgjevar, Sjukefråvær, Inkluderande arbeidsliv, Oppfølging sjukefråvær, HR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384498680
- Sist endret