ITB-Ansvarleg
Åsen & Øvrelid AS
- Frist 15.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å utvikle den tekniske kompetansen hos ein solid totalentreprenør?
Som del av vår framtidsretta satsing ynskjer vi å styrke vår internkompetanse på styring og oppfølging av tekniske fag i våre prosjekt. I den samanheng ønsker vi å tilsette ein ITB-ansvarleg. ITB-ansvarleg er ei ny rolle i organisasjonen og vil bli tillagt stort ansvar i høve vidare utvikling av selskapet sine rutinar og rammeverk innan ITB og Systematisk ferdigstilling.
Arbeidsoppgåver:
- Vidareutvikling og oppfølging av rutinar og rammeverk for ITB og systematisk ferdigstilling
- Vere ein kompetanseressurs på tekniske fag i bedrifta
- Ta ei aktiv rolle i prosjekteringsgruppa
o RITB-oppgåver i enkelte prosjekt
o Leiing av systematisk ferdigstilling og testing i enkelte prosjekt
o Teknisk prosjektleiing i enkelte prosjekt
- Innkjøp av RITB-tenester
- Andre oppgåver som tilpassast i lag med kandidat
Vi trur utvikling fungerer best i nær kontakt med prosjektgjennomføring. Vi legg derfor opp til at ITB-ansvarleg i tillegg til å ha overordna ansvar for fagfeltet skal bidra som RITB i enkelte av våre prosjekt.
Åsen & Øvrelid er ein organisasjon med stor takhøgde og i denne stillinga vil du få moglegheit til å være med å utvikle ein solid totalentreprenør inn i framtida. Vi har stort fokus på digitalisering og bruk av digitale verktøy i all utvikling. Det vert også viktig i vidare utarbeiding av rutinar knytt til ITB.
Kompetanse/Erfaring:
- Høgare utdanning. Minimum bachelor-nivå.
- God forståing for og innsikt i tekniske fag
- Erfaring i rolla som ITB-ansvarleg og/eller RITB
- Kjennskap til relevante standardar for ITB og systematisk ferdigstilling
- Solid digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Du har eit sterkt engasjement for ITB og at dei tekniske faga skal lukkast i prosjekta
- Du leitar kontinuerleg etter forbetringspotensial og effektivisering av arbeidsprosessar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- God lagspelar som blir motivert av å lykkast saman med andre
- Du snakkar og skriv godt norsk
Vi tilbyr:
- Ansvarsfulle oppgåver i mange spennande prosjekt
- Moglegheita til å påverke og bidra i utviklinga av ein framtidsretta
entreprenørorganisasjon
- Inkluderande arbeidsmiljø med korte kommunikasjons- og avgjerdsvegar
- Konkurransedyktige vilkår, god pensjons-, bonus- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Åsen & Øvrelid er ein leiande byggentreprenør på nordvestlandet med om lag 180 tilsette og ei omsetning i konsernet på om lag 1.mrd. Vi utfører eit bredt spekter av byggeprosjekt med hovudfokus på samhandlings- og totalentrepriser. I tillegg til ein solid organisasjon for prosjektgjennomføring har vi og stor eigenproduksjon innan tømrer-, betong- og maskinfaget. Åsen & Øvrelid har hovudkontor i Førde, med dotterselskap i Ålesund og Molde.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Fjærevegen 9, 6800 Førde
- Bransje: Annet, Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Ingeniør, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
itb, prosjekt gjennomføring, digitale verktøy, tekniske fag, systematisk ferdigstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384573419
- Sist endret