Psykolog
Voss DPS NKS Bjørkeli AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
PSYKOLOG
Ettersom ein av psykologene våre går ut i permisjon som del av spesialiseringa si, søker me no etter psykolog til eit vikariat i 100% ved allmennpoliklinikken, med moglegheit til forlenging. Søknader vert handtert fortløpande.
Som psykolog hjå oss får du god tid til pasientretta arbeid og du blir del av eit tverrfagleg team med dyktige fagpersonar. Allmennpoliklinikken består av psykologer og psykologspesialister, overleger, leger i spesialisering, sjukepleiere, psykomotorisk fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom og sekretærer. Psykologspesialistene hjå oss har videreutdanning i emosjonsfokusert terapi og ISTDP, og dei fleste tilsette har ein eller fleire videreutdanninger/kurs i spesifikke metoder som .t.d. MBT, CBT, CBT-E og EMDR. Du vil få tilbod om eit spesialiseringsløp i klinisk vaksenpsykologi, der me legg til rette for veiledning og høve til å gjennomføre praksis på døgnavdelinga vår, samt praksis med barn og unge via eit samarbeid med BUP Voss. I tillegg får du halde deg fagleg oppdatert gjennom faste internundervisningar og kompetanseheving i tråd med kompetanseplanen for poliklinikken.
Ettersom me er eit privat eigd senter, er det korte avstander mellom administrasjonen og behandlarane, og me samarbeider tett og godt. Me har faste behandlarmøter, eigne psykologmøter og mindre team med god tid til å drøfte saker og problemstillingar.
Hjå oss legg me vekt på å ha opne dører og tek godt imot nye tilsette. Som eit mindre senter lærer me kvarandre å kjenna og arbeidsmiljøet vårt er svært godt – den siste HMS-undersøkinga vår viste høgare tilfredsheit enn nokosinne! Alt frå faglitteratur til fjellsport blir diskutert over ein utsøkt lunsj laga av dei dyktige kokkane våre. Når vêret tillèt det nyt me gjerne lunsjen ute i sola.
Som tilsett blir du godt kjent med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement. Med toget kjem du deg enkelt og miljøvennleg til både Oslo og Bergen.
Det er moglegheit for å få deler av reisetida inkludert i arbeidstida ved pendling og me har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
Du - fagleg engasjert, varm og trygg i møte med andre menneske!
Har du norsk autorisasjon som psykolog, ønsker å spesialisere deg innan vaksenpsykologi, trivst med ein sosial gjeng og er glad i travle dagar, kan du vera akkurat den me ser etter. Då du i stor grad styrer din eigen kvardag er det viktig at du er strukturert, kan planleggja godt og toler å stå i krevjande situasjonar. For å trivast hjå oss er det viktig at du liker tverrfagleg arbeid. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil me gjerne høyra frå deg! Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med eit vidt spekter av psykiske lidingar av moderat til alvorleg grad.
- Tverrfagleg samarbeid internt og samarbeid med fyrstelinja.
- Dokumentasjon ihht. interne og eksterne retningslinjer og krav.
- Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
- Veiledning av fyrstelinja.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog.
- Relevant klinisk erfaring er ønskeleg.
- Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gode samarbeidsevner.
Me tilbyr
- Løn etter avtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
- Moderne lokale.
- Fleksitid.
- Eit godt arbeidsmiljø (dokumentert).
- Jamnlege sosiale arrangement.
- Høgt fagleg nivå.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Moglegheit for deler av reisetid i arbeidstid ved pendling.
Tiltredingsdato: etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland-Hordaland. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar. Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
- Sektor: Privat
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
Nøkkelord
ekstremsport, natur, bygd, ski, opplevelsar
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384577476
- Sist endret