Breidderådgjevar privatmarknad
Voss Veksel- og Landmandsbank ASA - Vekselbanken
- Frist 13.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vekselbanken søkjer nye medarbeidarar
Arbeidsoppgåver:
- Breidderådgjevar for kundar innan privatmarknadsområdet.
- Rådgjevar innan finansiering.
- Sal av forsikring, sparing og plassering og øvrige produkt innan privatmarknaden.
- Kunde/konto oppretting og vedlikehald for kundar.
- Skape gode kundeopplevingar i møte med kundar og i digitale løyper.
- Proaktiv og målretta arbeid overfor eksisterande og nye kundar.
- Bidra til at banken når sine mål på resultat og kundetilfredsheit.
Me tilbyr:
- Ein arbeidsplass prega av godt samhald, god stemning og stå-på-vilje.
- Ein bank som har som mål å vera blant dei beste på kundeopplevingar.
- Ein bank som brenn for å bidra til positiv utvikling i bygdene og lokalsamfunna me er ein del av.
- Konkurransemessige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Arbeidsstad er Eidfjord eller Kinsarvik.
Om arbeidsgiveren
Vekselbanken er ein sjølvstendig børsnotert forretningsbank lokalisert på Voss og i Eidfjord. Me er ein menneskeorientert bank som set kunden i sentrum, og me søkjer difor etter omgjengelege, utviklings- og resultatorienterte medarbeidarar. Me har eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med godt samarbeid, men der du også må kunne arbeida sjølvstendig og strukturert. Vårt motto er: «Ein god medspelar» for kundar og kollegaer. Seks år på rad er me i ei kundeundersøking kåra til banken i Eika Alliansen med dei mest nøgde kundane, og i fylgje Kantar som gjennomfører kundeundersøkinga, har me truleg Noregs mest nøgde bankkundar. Banken samarbeidar med 46 andre bankar i Eika Alliansen.
- Sektor: Privat
- Sted: Vangsgata 24, 5700 Voss
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgjevar, privatmarknad, sal, forsikring, bank
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384585485
- Sist endret