Psykologspesialist
Helse Fonna HF
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist Haugaland DPS
Vil du bli ein del av vårt rause og hyggelege fagmiljø på Haugaland DPS?
Vi styrker allmennpsykiatrisk døgnpost og søker deg som er psykologspesialist til fast 100% stilling. Her jobbar det allereie mange rause og hyggelege kollegaer, og vi håpar du vil bli ein del av laget vårt!
Vi tilbyr eit breidt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helse og rusbehandling (TSB) i både døgn og poliklinikk, allmennpsykiatriske poliklinikkar, FACT, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Avdelinga har ti senger, der ei er kriseseng som nyttast av vårt akutte ambulante team (AAT). Tilbodet vårt er retta mot vaksne over 18 år med allmennpsykiatriske utfordringar som angst og stemningslidingar. vi hartverrfagleg smaarbeid mellom dei ulike profesjonane, og har no psykiater, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, LIS3 og LIS1 som faste faggrupper.
Avdelinga har 10 senger kor 1 av desse er kriseseng som benyttes av akutt ambulant team. Vårt tilbod er primært til vaksne over 18 år allmennpsykiatriske problemstillingar som angst og stemningsliingar.
Er du klar for å bidra i eit sterkt fagmiljø? Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden, så vi ser fram til å høyre frå deg!Arbeidsoppgåver
- Psykologfaglege obervasjonar (inkl. utgreiing og testing), vurderingar og behandling.
- Delta og bidra i teammøte/behandlingsmøte
- Bidrar i kvalitets- og betringsarbeid
- Samarbeide med pårørande og aktuelle instansar
- Halda seg fagleg oppdatert og dessutan bidra til kompetanseheving internt og eksternt
- Utføra arbeidsoppgåvene i tråd med e-handboka, yrkesetiske retningslinjer Helse Fonna og verdigrunnlaget for psykisk helsearbeid
- Samhandling med primærhelsetenesta, avdelingar i spesialisthelsetenesta mm.
- Fortrinnsvis fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller psykolog påbegynt slik fordjuping.
- Kunne vere vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern (om ikkje, vil ein legge til rette for vidareutdanning og tileigning av nødvendig kompetanse
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som psykolog
- At søker er personleg eigna og har relevant erfaring/praksis blir vektlagt
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helsevern / tvunge psykisk helsevern er ein fordel
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- pasientorientert og engasjert
- tålmodig og evne til å knytte relasjon
- i høg grad opptatt av å vera etisk- og har fagleg ansvarsbevissthet
- fleksibel og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtalar mellom NPF og Helse Fonna, HF.
- 4 måneders utdanningspermisjon per 5 års periode for spesialister
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Floravegen 75, 5535 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykologspesialist, Psykiatrisk, Døgnpost, Psykisk helsevern, Rus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384698177
- Sist endret