100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 03.01.2025
- Ansettelsesform Fast
100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar
Avdelinga har oppfølging av bebuarar som har behov for helsehjelp, og som har vedtak etter helse- og omsorgsstenestelova. Vi arbeider tverrfagleg, og er opptekne av godt samarbeid med tenestemottakarane våre, deira pårørande og med andre helsetenestar. Saman jobbar vi for meistring og utvikling hos den enkelte, å skapa gode dagar og opplevingar, og å laga ein god arena for fellesskap.
Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i å følgja til ulike aktivitetar, praktisk bistand i samband med matlaging, gjere husarbeid, gå tur, fiska, dra på kino, handla og liknande. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov.
Arbeidsoppgåver
Du vil:
- Få ansvar forindividuell- og gruppebasert oppfølging
- Delta i utarbeiding og evaluering av ulike rutinar og system
- Ha oppgåver knytt til legemiddelhandsaming
- Sannsynlegvis få primærkontaktoppgåver, som arbeid med tiltaksplanar, organisering av samarbeidsmøter og ha tett samarbeid med pårørande.
- Dokumentere i, og oppdatere EPJ (Profil).
- Samarbeide med og rettleie kollegaer innan eige fagområde
Stillinga er i turnus med kombinasjon av langvakter (13,5 timar) og nokre ordinære vakter. Stillinga har arbeid kvar 4. helg.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
- Ønskeleg med arbeidserfaring frå psykisk helse- og rusarbeid
- Erfaring frå arbeid med MAP/TERMA el. l. er ein fordel
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til og ønske om å skapa gode relasjonar til brukarar og kollegaer
- Evne til å arbeida målretta og strukturert
- Du er fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Du taklar utfordringar, tek initiativ til å arbeidde for forbetringar og gode løysingar
Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å dela BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384700940
- Sist endret