Fagarbeidar/assistent
Bjørnafjorden kommune Strandvik barnehage
- Frist 19.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar/assistent ved Strandvik barnehage
Vi søker deg som ønskjer å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga i Strandvik barnehage. Barnehagen har som satsing sosial kompetanse, og det mest grunnleggjande hos oss er at vi skal ha det godt saman. Arbeidet med dette gjennomsyrer dagane våre, og handlar om korleis vi er mot kvarandre og snakkar saman. Dette er sentralt i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.
Arbeidsstad
Strandvik barnehage er ein middels stor barnehage med lyse og luftige lokalar, plassert i hjarta av Strandvik. Rundt barnehagen finn ein skog, sjø, fjell, park, kyrkja, skule, idrettsbane og butikk. Utfordrande og flotte turområder for alle aldersgrupper.
Strandvik barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. I 2023-2025 år er vi med i regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling, med mål om å bli ein teikn til tale barnehage.
Barnehagen har 7 tilsette og 22 barn.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i det praktiske og pedagogiske arbeidet i lag med personalet
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø
- Vere medansvarleg for å legge til rette for barna si læring, utvikling og danning
- Bidra til eit godt språkleg miljø og vere ein god rollemodell
Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men anna relevant erfaring vil også bli vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK.dir. Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Har gode omsorgsevner og er ein god relasjonsbyggar
- Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
- Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
- Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Kontaktperson
Irene Tveit e-post tlf 95994266
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
Nøkkelord
fagarbeidar, barnehage, assistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384741226
- Sist endret