Rådgivar
Statens helsetilsyn
- Frist 06.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein allsidig økonomi - og administrasjonsmedarbeidar
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
Helsetilsynet står overfor mange og spennande utviklingsoppgåver. Stillinga er forankra i Avdeling for verksemdsstyring som har ei viktig rolle i dette utviklingsarbeidet. Avdelinga har blant anna ansvar for verksemdsstyring, økonomi, HR/personalforvalting, digitalisering og avtaleforvalting for tenester frå Norsk Helsenett og for drift av lokaler.
Den som blir tilsett vil arbeide tett opp mot alle avdelingar og skal ivareta mange ulike oppgåvar med eit tyngdepunkt innan økonomi og oppgåver av administrativ art. Vi ønsker at den som blir tilsett skal vere ein pådrivar for utviklingsprosessar innan områda som ligg til stillinga. God serviceinnstilling og evne til å takle ein hektisk arbeidskvardag er viktige eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
- økonomioppfølging, budsjettarbeid og rapportering
- fakturabehandling, remittering og behandling av reiseregningar
- administrativ og organisatorisk støtte til Tilsynsskulen
- har oversikt over og bistå inn i anskaffingar i Helsetilsynet
- løpande kontorarbeid og praktiske oppgåver, blant anna bestilling av varer
- back-up for sentralbord/resepsjon
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- høgare relevant utdanning, minimum bachelornivå og gjerne innan økonomisk-administrative fag
- relevant erfaring med økonomiarbeid
- god digital kompetanse
- god kunnskap og relevant arbeidserfaring frå offentleg forvalting
- god kjennskap til statleg regelverk
- kjennskap til økonomi - og fakturasystemet Unit 4
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er utviklingsretta og som tar initiativ, som har stor arbeidskapasitet og ei løysingsorientert haldning.
Du må:
- ha evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og sjølvstendig, og ha god gjennomføringsevne
- ha gode samarbeidsevner og trivast med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
- vere nysgjerrig og lærevillig
- ha godt norsk språk, munnleg og skriftleg
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Stillinga blir lønna i spennet: kr 502 300 - kr 667 700. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 140 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384743144
- Sist endret