Traineesjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du ein av våre nye traineesjukepleiarar i Haugesund?
Ei traineestilling er den beste starten du kan få på karrieren din som sjukepleiar. Du får ei unik kompetanseutvikling og 100 prosent fast stilling med full løn frå første dag.
Helse Fonna søkjer traineesjukepleiarar i faste stillingar ved Haugesund sjukehus frå juni/august 2025
Kva er trainee?
Helse Fonna tilbyr traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Gjennom traineeordninga vil vi gi deg god breiddekompetanse. Den varierte praksisen gir unik kunnskap frå fleire fagområde, og er eit godt springbrett i den vidare karrieren din som sjukepleiar. Trivst du godt med akuttmedisin, eller er du ein racer på miljøterapi? Har du lyst til å arbeide med kirurgiske pasientar, eller trivst du best med medisinske utfordringar? Kanskje du liker variasjon - å jobbe med ulike fagområder og pasientar? Då er jobben som traineesjukepleiar i Helse Fonna noko for deg.
Traineesjukepleiar blir tilsett i 100 % fast stilling og traineeperioden strekk seg over to år. Traineeprogrammet inneber fagdagar saman med medarbeidarane på avdelingane du jobbar på. Traineeprogrammet er delt i tre arbeidsperiodar, med rullering av arbeidsstad på ulike klinikkar og postar innan medisin, kirurgi og psykiatri. Etter endt traineeprogram har du fast tilsetting i Helse Fonna HF, Bemanningssenteret.
Korleis jobbar ein i praksis?
Som traineesjukepleiar følgjer du det ordinære introduksjonsprogrammet, og får den same opplæringa og oppfølginga som nytilsette sjukepleiarar. Du er ein del av den daglege drifta, og inngår i arbeidsplanane til avdelinga, vanlegvis i 3-delt turnus (vakter dag, kveld og natt) samt helg- og høgtidsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver knytta til utøving av sjukepleie i klinisk praksis
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som er nyutdanna og er godkjent sjukepleier i 2025. Sjukepleiarar utdanna i 2024 kan også søkje.
- Må beherske godt norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, har gode evner til samarbeid, er postiv og faglig engasjert, er fleksibel og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Fast 100 prosent stilling frå dag ein - og vidare fast tilsetting etter traineeperioden
- Moglegheit til å byggje kompetanse innan fleire fagfelt
- Ein triveleg og spennande arbeidsplass
- Eit godt arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogeleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
trainee, sykepleier, haugesund, sykehus, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384830856
- Sist endret