Driftsleder
Bømlo Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 3.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som driftsleiar på kyrkjegardane
I dei fire sokna på Bømlo er det ledig 100% stilling som driftsleiar frå 1.5.2025 eller etter avtale.
Bømlo kyrkjelege fellesråd har ansvaret for gravplassane i Bømlo kommune. Gravplassane er i tillegg til å vera grav- og sørgjestadar viktige parkområder for kommunens innbyggjarar. Det er eit mål å stelle gravplassane slik at det blir ein kjær stad å komma til. Til dette treng me dyktige arbeidarar.
Arbeidsoppgåver:
- Driftsleiar for arbeidsteamet på kyrkjegardane inkl. utvida team på sommarstid
- Praktisk tilrettelegging med opning og lukking av grav og urnegrav
- Tilrettelegging for seremoniar i kyrkjene
- Generell kyrkjegardsdrift og skjøtsel av grøntanlegg
- Stell av graver med stellavtalar
- Noko arbeid med gravstøtter
- Deltaking i vidareutvikling av gravplassverksemda på Bømlo
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som anleggsgartnar eller tilsvarande, relevant erfaring frå grøntanlegg eller maskinbruk kan kompensere for manglande utdanning
- Kompetansebevis for gravemaskin er ynskjeleg (kan bli aktuelt å dekkje om rett søkjar)
- Førarkort klasse BE er ynskjeleg (kan bli aktuelt å dekkje om rett søkjar)
- Tilfredsstillande dataferdigheiter
Eigenskapar:
- Praktisk anlagt og liker å jobbe ute
- Initiativrik, sjølvstendig og fleksibel
- Gode samarbeidsevner og god arbeidsmoral
- Fysisk utholdande
Me tilbyr:
- Tarifflønn og god pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegar
- Noko fleksibilitet knytt til arbeidstid
- Mogelegheita til å vera med å forma eiga stilling
- Personleg utvikling og kompetanseheving
- Variert arbeidskvardag
Anna
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Kyrkjegardsdrifta på Bømlo ynskjer å vera nytenkjande og me er i ei omorganiseringsfase som gjer at me i tida som ligg føre vil utvide med fleire robotklypparar på kyrkjegardane på Bømlo.
Om arbeidsgiveren
Bømlo kyrkjelege fellesråd har ca. 11 årsverk. Største deler er tilsette knytt til den kyrkjeleg verksemda som kyrkjelydspedagogar, kantorar, diakon og andre tilsette i små kyrkjelege stillingar. Bømlo kyrkjeleg fellesråd er gravplassmynde i Bømlo kommune og har ansvaret for alle gravplassane i kommunen. Dette utgjer 10 gravplassar.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5430 Bremnes
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
anleggsgartnar, maskinbruk, driftsleiar, gravplass, vedlikehold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384835239
- Sist endret