Rådgivar/prosjektleiar/Senior prosjektleiar - anskaffingar
Sykehusinnkjøp HF
- Frist 01.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter deg som vil jobbe med prosjektleiing
Om oss
Sjukehusinnkjøp HF inngår og følgjer opp kontraktar på varer og tenester for spesialisthelsetenesta, og vi skal levere den beste avtalen for helseføretaka - kvar gong! Vi er ein av dei største innkjøpsorganisasjonane i Noreg, har eit sterkt fagmiljø, og er pådrivarar for etisk handel, berekraft og klimavennlege løysingar i anskaffingane våre. Les meir om kva vi gjer og korleis vi jobbar her; https://www.sykehusinnkjop.no/om-oss
No søkjer me nye medarbeidar med kontorstad i Bergen og/eller Stavanger som skal bidra inn i dette arbeidet.
Kva skal du jobbe med?
Hos oss vil du leie arbeidet med å skaffe norske sjukehus det dei treng til den daglege drifta si. Du vil arbeide med anskaffingar innan IKT og/eller bygg-entreprise. Dette vil bli fordelt etter kompetansen og bakgrunnen din, og dessutan behovet for verksemda. Vi vil informere nærare om desse områda i eit eventuelt intervju eller at du tek kontakt med oss på førehand viss du har spørsmål.
Som prosjektleiar vil du få ansvar for å gjennomføre anskaffingar etter det behovet sjukehusa har, utarbeide konkurransedokument, evaluere innkomne tilbod og tildele kontraktar. Du vil også bidra til at avtalane blir implementerte og tekne i bruk i sjukehusa. Prosjektgjennomføringa blir gjord i tett samarbeid med fagspesialistar frå sjukehusa, kollegaer i Sjukehusinnkjøp HF, leverandørmarknaden og interesseorganisasjonar.
Kven ser me etter?
Du har høgare utdanning, gjerne som jurist eller siviløkonom. I utgangspunktet ser me etter medarbeidarar med ein del erfaring innan anskaffingar og kontraktsarbeid.
Det er viktig for oss at du har evne til å leia og gjennomføre anskaffingar og har god merkantil og juridisk forståing. Du bør ha interesse for spesialistheilsetenesta, men me er også opptekne av å ha medarbeidarar med kompetanse og erfaring frå andre område og verksemder. Søk gjerne om du kjem frå det private næringslivet.
Det er også viktig for oss at du er strukturert og sjølvstendig, og bidreg til kompetansedeling, har godt humør og trivst i ein organisasjon i endring. Du vil møta profesjonelle kollegaer i eit svært godt arbeidsmiljø, og bli del av eit av dei største offentlege anskaffingsmiljøa i Noreg. Du vil opparbeidde deg viktig erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsarbeid. Det å skape gode relasjonar med samarbeidspartnarar internt og eksternt er også særs viktig.
Hos oss vil du jobbe i eit føretak med eit viktig samfunnsoppdrag.
Kven ser me etter?
Du har høgare utdanning, gjerne som jurist eller siviløkonom. I utgangspunktet ser me etter medarbeidarar med ein del erfaring innan anskaffingar og kontraktsarbeid.
Det er viktig for oss at du har evne til å leia og gjennomføra anskaffingar og har god merkantil og juridisk forståing. Du bør ha interesse for spesialisthelsetenesta, men me er også opptekne av å ha medarbeidarar med kompetanse og erfaring frå andre område og verksemder. Søk gjerne om du kjem frå det private næringslivet.
Det er også viktig for oss at du er strukturert og sjølvstendig, og bidreg til kompetansedeling, har godt humør og trivst i ein organisasjon i endring. Du vil møta profesjonelle kollegaer i eit svært godt arbeidsmiljø, og bli del av eit av dei største offentlege anskaffingsmiljøa i Noreg. Du vil opparbeida deg viktig erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsarbeid. Det å skape gode relasjoner med samarbeidspartnere internt og eksternt er også særs viktig.
Hos oss vil du jobbe i et foretak med et viktig samfunnsoppdrag.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre anskaffingar, inkludert kontraktsinngåing
- Anskaffingsfagleg rådgiving, vurdering og rettleiing
- Sikre implementering av avtaler
- Bidra til realisering av gevinstar for spesialisthelsetenesta gjennom effektive og gode innkjøp
- Delta i utviklinga av kategoristrategiar
- Bidra til utvikling og kompetanseheving for føretaket
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan relevante fagområde - gjerne som jurist, siviløkonom eller med anna relevant mastergrad
- Det blir lagt vekt på om du har erfaring frå prosjektmetodikk og -gjennomføring
- Det er ønskjeleg med erfaring frå anskaffingar og/eller prosjekterfaring innanfor dei nemnde kategoriområda
- Det er ønskjeleg med erfaring innan anskaffingar og kontraktsarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull - du er nøyaktig, serviceinnstilt og sjølvstendig
- Handlekraftig - du tek initiativ, evnar å leie og gjennomføre
- Kommuniserande - du er tydeleg både munnleg og skriftleg, inviterer til dialog og samarbeider godt
- Inspirerande - du er kompetent, løysingsorientert og har godt humør
- Endringsvillig - du er fleksibel og evnar raskt å ta på deg nye oppgåver
- Heilskapstenkjande - du evnar å sjå Sjukehusinnkjøp HFs bidrag til forbetring av spesialisthelsetenesta
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling i eit av Noregs største fagmiljø for offentlege anskaffingar
- Konkurransedyktige vilkår med lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Livsfaseorientert personalpolitikk
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for heimearbeid
- Moderne, trivelege lokale med gode kantine- og treningsfasilitetar
Meir om oss
Sjukehusinnkjøp HF er eit landsdekkjande helseføretak som inntil vidare er delt opp etter geografiske divisjonar. I løpet av 2025 vil vi bli organiserte etter kategoriar. Dagens divisjon vest vil då få hovudansvar for området IKT og enterprise, men framleis levere innkjøpstenester til sjukehusa i Helse Vest innanfor fleire kategoriar.
Divisjon vest har 60 medarbeidarar, hovudkontor i Bergen, og kontorstadar i Stavanger og Haugesund. Me inngår årleg kontraktar på omtrent 5 milliardar kroner. Sjukehusinnkjøp HF jobbar kategoriorganisert og er tett på fagpersonar i sjukehusa. Me er eit ambisiøst anskaffings- og kontraktsmiljø som kontinuerleg arbeider med å forbetra prosessane våre, kvaliteten i anskaffingar og kontrakts- og leverandørforvaltning. Me har også fokus på innovasjon, miljø og samfunnsansvar.
Søknadsprosessen
Denne annonsen er på nynorsk - men hjå oss i Sjukehusinnkjøp HF kan du nytta begge dei norske målformene. Du vel sjølv kva målform du skriv søknaden i.
Søkjarar som blir vurderte som mest kvalifiserte, blir kalla inn til intervju. Me har vanlegvis to intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje. Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservera deg mot oppføring, må du oppgi og grunngi dette når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta viss søknaden ikkje blir innvilga og få høve til å trekkja søknaden, jf. offentleglovas § 25.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt føretak som leverer anskaffings- og innkjøpsrelaterte tenester til norske sjukehus. Dei fire regionale helseføretaka eig føretaket og er samtidig våre oppdragsgivarar. Hovudkontoret vårt er i Vadsø, og vi har divisjonskontor i heile landet. Sjukehusinnkjøp HF skal ha strategisk og operativt ansvar for innkjøp i heile spesialisthelsetenesta, og være profesjonell, spesialisert og tilgjengeleg for brukarane. Vi skal fremme innovasjon, og være ein pådrivar for etisk handel og miljøvennlege innkjøp. Sjå også http://www.sykehusinnkjop.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Inger Bang Lunds vei 4, 5059 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, Medisinsk utstyr og rekvisita
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
IKT, bygg-entreprise, offentlige anskaffelser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384873113
- Sist endret