Garanti og service medarbeidar
Brødrene Aa AS
- Frist 15.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Garanti og service medarbeidar
Stillinga:
Som garantimedarbeidar vil du spela ein sentral rolle i oppfølginga av leverte fartøy, med fokus på handsaming av reklamasjonar og garantisaker. Du vil ha ansvar for å sikre at kundane får nødvendig oppfølging, og at garantisakene vert saksbehandla effektivt. Stillinga inneber eit tett samarbeid med kundar og interne avdelingar for å oppretthalde høge kvalitetsstandardar.
Du vil også delta i tverrfaglege utfordringar på tvers av ulike fagretningar som elektro, mekanisk, rør, ventilasjon/HVAC og plast, for å sikre optimale løysingar.
Arbeidsoppgåver:
- Motta og handsame reklamasjonar frå kundar etter levering av fartøy.
- Kommunisere med kundar for å avklare problem og behov knytt til garantisaker.
- Dokumentera og fylgje opp garantisaker i samsvar med interne prosedyrar.
- Analysere garantidata for å identifisere trendar og moglegheiter for forbetring.
- Samarbeide med tekniske avdelingar for å bistå i feilsøking og løysing av problem.
- Utvikle og oppdatere prosedyrar for handsaming av reklamasjonar og garantioppfølging.
- Bidra til opplæring av tilsette om garantiprosessar og kvalitetsstandardar.
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning innan ingeniørfag, teknisk fag, kvalitetssikring eller tilsvarande.
- Erfaring med handsaming av reklamasjonar eller kundeservice, gjerne innan maritim industri.
- Gode kommunikasjonsferdigheitar, både skriftleg og munnleg – engelsk og norsk.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Fordel å vere løysingsorientert og analytisk tilnærming.
- Gode datakunnskapar, inkludert erfaring med rapporteringsverktøy.
Vi tilbyr:
- Eit interessant og variert arbeidsmiljø med fokus på kvalitet og kundetilfredsheit.
- Moglegheiter for fagleg utvikling og opplæring.
- Konkurransedyktige vilkår.
- Spannande arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling
- Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Gode forsikringsordningar
Om Brødrene Aa
Vårt hovudkontor og produksjonsanlegg ligger i Hyen, Nordfjord, på vestkysten av Norge, og har 170 dyktige medarbeidere. Dette er knutepunktet for engineering og produktutvikling i verksemda. På det nærliggande Eikefjord-anlegget utfører vi service og reparasjon av fartøy, samt ombygging av fartøy. Vår verdikjede inneheld alle aktivitetar frå sal til ettermarknadstenester - inkludert produktutvikling og design, engineering, og produksjon av komplette fartøy.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Hyenvegen 1775, 6829 Hyen
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Teknisk service
- Arbeidsspråk: Engelsk, Norsk
Nøkkelord
garanti og service, service ettermarked, kundeservice
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385230648
- Sist endret