Vikariat for rådgivar HR og kvalitetsarbeid
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Vikariat for rådgivar HR og kvalitetsarbeid
Vi leitar etter deg som har kompetanse innan HR og kvalitetsarbeid. Du er en viktig brikke i teamet vårt for at vi skal kunne levere godt i kompetanse- og næringsavdelinga.
Arbeidsoppgåver
Du får jobbe med å:
- vere superbrukar på det digitale kvalitetssystemet og avdelinga sin representant i fagnetterket
- utvikle, koordinere og vedlikehalde prosessar og dokument i tråd med risikobilde, lov- og regelverkskrav
- vere HMS-koordinator for kompetanse- og næringsavdelinga
- saksbehandling, leiarstøtte og rådgiving innan HR-feltet, særleg planlegging og gjennomføring av rekrutteringsprosessar
- for- og etterarbeid knytt til avdelinga sitt arbeidsutval
Det kan vere aktuelt med andre oppgåver basert på behova som oppstår i organisasjonen.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå.
- interesse for HR og kvalitetsarbeid og helst relevant erfaring
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som
- er sjølvstendig, systematisk og analytisk
- har god digital forståing og evne til å sette deg inn i nye system
- har gode munnlege og skriftlege formuleringsevner
- innsikt i og interesse for relevant lov- og avtaleverk
- har gode samarbeidsevner og er ein positiv bidragsytar
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, HR, personal og rekruttering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kvalitetsrådgivar, kvalitetsrådgiver, rekruttering, personal, HR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385240203
- Sist endret