Kunderådgjevar Kundesenter
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 12.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye kollega?
Kundesenteret skal begeistre kundane våre gjennom gode kundeopplevingar når kunden tar kontakt på telefon, chat eller e-post. Avdelinga er i stadig utvikling og endring, og vi har ledig stilling som kunderådgjevar. Kommuniserer du tydeleg, er engasjert, motivert, samt trivast med kundekontakt? Då bør du søkje jobb hos oss!
Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du kartlegg behova deira og finn dei riktige løysingane for dei. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du har relevant utdanning, eller erfaring frå liknande arbeid som kan vege opp for kravet til utdanning.
Arbeidsoppgåver
- Sørge for at kundane våre får hjelp i første kontakt med banken
- Vere ein bidragsytar i arbeidet med å tilby gode løysingar for bank og kunde
- Ha ansvar for oppfølging av kundar og utvikling av mål og servicegrad
- Ha fokus på effektivisering og automatisering av interne prosessar i tett samarbeid med forretningsutvikling og lokalkontora våre
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv
Arbeidsstad: Førde
Om du har spørsmål til stillinga kan du kontakte leiar kundesenter, Stine Austreim Hermansen på tlf 959 26 027.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon, samt kredittsjekk. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Kundeservice
Nøkkelord
Rådgiving, Kundeservice, bank, kundesenter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385276650
- Sist endret