Sekretær/helsesekretær
Helse Bergen
- Frist 08.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsesekretær/sekretær
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har sju allmenne poliklinikkar, to spesialiserte poliklinikkar, tre sengepostar, og ambulante tenester. Tilbod til lavfrekvente pasientgrupper er organisert i tyngepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.
BUP Sentrum er ein allmennpoliklinikk som held til i Bergen sentrum. Der er omkring 12 000 barn i opptaksområdet, som omfattar barn og unge frå Bergen kommune ved Årstad og Bergenhus bydelar. Poliklinikken har om lag 35 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn. Seksjonen har fire team samt klinikkovergripande tyngdepunktsfunksjonar for spiseforstyrringar og for sped- og småbarn.
Vi har ledig fast stilling som helsesekretær/sekretær med tenestestad BUP Sentrum. Det er krav om særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Generelt resepsjonsarbeid med mellom anna mottak av pasientar og telefonservice
- Koding og registrering i pasientadministrasjonsverktøyet DIPS Arena og andre fagsystem
- Diverse kontorarbeid, mellom anna rydding i rapportar, skanning av dokument og skåring av ulike kartleggingsverktøy
- Sekretær på interne møte i poliklinikken
- Anna forefallande kontorarbeid
- Anna praktisk arbeide i poliklinikken
Kvalifikasjonar
- Kontorfagleg utdanning innan helse
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
- God generell datakunnskap.
- Ønskeleg med erfaring med DIPS pasientsystem, LIBRA, Elements og andre fagsystem
- Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Du er målretta, og får oppgåvene gjort
- Du behandlar pasientar og kollegaer profesjonelt og empatisk
- Du trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt arbeidstempo
- Du er punktleg, nøyaktig, påliteleg og strukturert
- Du likar både å arbeide sjølvstendig og i team
- Du er fleksibel og likar varierte utfordringar
- Du har evne til omstilling og å lære nye elektroniske datasystem
- Det er helt nødvendig med særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver
- Eit triveleg arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement
- Opplæring etter behov
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Sekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
BUP, helsesekretær, sekretær, Psykisk helsevern for barn og unge, PBU Sentrum
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385355335
- Sist endret