Leiar Eigedomsutvikling
Øygarden kommune
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Eigedom
Øygarden kommune skal vere ei aktiv samfunnsutviklar. Ønskjer du å bli ein del av eit team i ein kommune som er kjent for å vere framoverlent og utviklingsorientert? Trivst du i eit miljø med høge forventningar, spennande arbeidsoppgåver og i eit samfunn i stor utvikling, er kanskje dette stillinga for deg.
Våre verdiar:
Stolt - På lag - Modig - Med glød
Om eininga:
Eigedomsutvikling har ei viktig rolle for å sikre at kommunen er ein profesjonell, føreseieleg og utviklingsorientert grunneigar og samarbeidspart. Stillinga er ein del av kommunalsjefområde Samfunnsutvikling si leiargruppe, og blir dermed ein del av det strategiske leiarskapet på områda samfunnsplan, arealplanar, byggesak, kultur, reinhald, eigedomsforvaltning og drift.
Eigedomsutvikling har som oppgåve å sikre kommunens eigarinteresse i planprosessar, utviklingsarbeid, samt forvaltingsforhold. Eininga har også et viktig kontaktpunkt mot næringslivet for å sikre utbyggingsavtalar og utvikling av Øygardssamfunnet. I tillegg er ansvaret for klima og energi, mobilitet (pådrivar for innovative mobilitetsløysingar, koordinering av nytt Sotrasamband, Miljøløftet m.fl.), kjøp/sal av kommunale bygg og leigetilhøve lagt til eininga.
Eigedomsutvikling består i dag av 8 tilsette.
Arbeidsoppgåver:
- Overordna styring og leiing for området
- Strategisk utvikling av kommunen sin eigedomsportefølje både innanfor bygg og areal
- Saksansvar for politiske saker
- Ansvar for å arbeide strategisk med gjennomføring av planar, inkludert arbeid med utbyggingsavtalar
- Samordning på tvers i organisasjonen
- Organisasjonsbygging
- Sikre arenaer og rutinar for god informasjon og kommunikasjon
Kvalifikasjonskrav:
- Formell utdanning på høgskule- eller masternivå
- Erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid
- Erfaring med offentleg forvaltning og offentleg/privat samarbeid
- Erfaring med utbyggingsavtalar
- God økonomi- og budsjettforståing
- Erfaring med personalleiing og budsjettstyring
- Erfaring med offentlege anskaffingar
- Erfaring med prosessleiing
- God relasjonsbyggar
- Skaper resultat gjennom involvering og medverknad
- Har evne til å skape tydelege forventningar, gi støtte, utvikle og inspirere leiarar og medarbeidarar
- God på å kommunisere, både skriftleg og munnleg
- Du er ein utviklingsorientert og nysgjerrig person med evne til å tenke heilskapleg
- Løysingsorientert og evne til å sjå nye tilnærmingsmåtar
- Fleksibel, initiativrik og sjølvstendig
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode moglegheiter for heimekontor
Kontakt: Eigedomssjef Jarle Kvalvik 40923738 eller
Kommunalsjef Silje Haukedal, 93625320
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rådgivning
Nøkkelord
Leder, leiar, eiendom, eigedom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385416075
- Sist endret