Spesialisert fosterhjem
Bufetat
- Frist 28.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Spesialiserte fosterheimar
Eining for Spesialiserte fosterhjem, Region vest, søker fleire heimar for ungdom (12-18 år).
Me søker trygge og engasjerte heimar, busatt med inntil ein til to timars reiseavstand frå våre kontor i Bergen, Sogndal, Haugesund og Stavanger.
Som spesialisert fosterheim arbeider du heimafrå på oppdrag for Bufetat, med full arbeidsgodtgjersle og vilkår tilnærma lik ein statleg tilsatt. Du vil arbeide i team med våre fagkonsulentar for å gje omsorg som skal bidra til utvikling hjå barnet/ungdommen. Dei fleste bur i fosterheimen til dei fyller 18-20 år før dei flyttar i sjølvstendig tilvære eller med anna oppfølging.
Me søker deg som ynskjer å bety ein skilnad for ungdom som treng det og som har eigenskapane som skal til for å kunna stå i oppdraget.
Me gjer tilbod om gode vilkår og oppfølging og støtte frå fagleg dyktige og erfarne fagkonsulentar. Du vil få fast arbeidsgodtgjersle og medlemskap i Statens pensjonskasse. Den eine vaksne i heimen har dette som sitt fulltidsarbeid og inngår i eit nettverk saman med fleire andre heimar.
Kva inneheld oppdraget?
- Å gje omsorg og ivaretaking til eit barn/ungdom i eigen heim.
- Tett oppfølging av ungdommen når det gjeld skule, helse og aktivitetar på fritid.
- Å motta individuell rettleiing frå fast fagkonsulent.
- Deltaking i grupperettleiing, fagdagar og anna opplæring for oppdragstakarar.
- Tett samarbeid og møteverksemd med fagkonsulent/rettleiiar frå Eining for Spesialiserte fosterhjem Region vest, barneverntenesta, barnets familie og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
Kven er du?
Me søker deg som er trygg, som evnar å gje god omsorg, er førutseieleg og stabil, og som har røynsle frå arbeid med barn og unge frå tidlegare. Du har et ønske om å hjelpa eit barn eller ein ungdom til å kunna få ein stabil og trygg kvardag og vidare oppvekst som kan fremje utvikling. Me ser etter deg som likar å egna deg til ny kunnskap og å utvikla deg. Som spesialisert fosterheim må du oppfylla dei generelle krava for å verte fosterheim:
- Du og din partnar må gjennomføra “Solid" grunnopplæringskurs, eller ha anna godkjend opplæring som fosterheim (Pride), samt oppdatert godkjenning.
- Røynsle frå arbeid med barn og ungdom.
- 3 årig relevant høgskule eller universitetsutdanning er ein fordel.
- Kjennskap til traumebevisst omsorg eller ulike foreldreprogram er ein fordel.
- Heimen dykkar må vera egna og i forsvarleg stand til oppfostring av barn, med eige rom til fosterbarn.
- Godkjend helseattest og tilfredsstillande politiattest frå alle i familien over 18 år.
- Førarkort kl. B.
- Dersom de har eigne barn vil vi at dei skal vere eldre enn 13 år, og same kva alder vil me vurdera barnas mogenhet for oppdraget.
Personleg skikkaheit vil verte vektlagd.
Me gjev tilbod om
Treårig statleg kontrakt, med mogelegheit for forlenging
- Full godtgjering og vilkår om du har eit barn buande hjå deg eller ikkje.
- Tjenestepensjonsordning.
- Yrkesskadeforsikring.
- Avlastning og friperiodar.
- Opplæring, tett oppfølging og rettleiing i gruppe og individuelt.
- Fellesskap med andre røynde spesialiserte heimar.
- Eigen fagkonsulent som rettleiar.
- Eininga har eigen psykolog i teamet vårt.
- Vaktordning; 24 timars beredskap alle dagar.
- Å verte ein del av eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
- Arbeidsgodtgjersle vert rekna ut individuelt ut frå utdanning og røynsle.
- Utan relevant kompetanse (4,3G – 5,1G) ca. kr. 533 000 - 632 000 per år.
- Med relevant 3-årig høgskuleutdanning (4,7G – 5,5G), ca. kr. 600 000 – 700 000 per år.
- Utgiftsdekking vert utbetalt når det bur barn hjå dykk, med f.t. kr 10 756,- i månaden.
- Satsar for G og utgiftsdekking vert årleg regulert.
Informasjon til deg som søker
- Vi tar fortløpende kontakt med alle som henvender seg for en avklarende prat.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Flere arbeidssteder: 5528 Haugesund, 4010 Stavanger, 6856 Sogndal
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385481989
- Sist endret