Områdeleiar kontor- og fellestenester, Leikanger
Vestland fylkeskommune
- Frist 20.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Områdeleiar kontor- og fellestenester, Leikanger
Avdelinga Eigedom og utbygging er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Avdelinga er delt inn i 5 seksjonar; Stab og forvaltning, System og utvikling, Utbygging, Drift og Bybanen utbygging. Stillinga som områdeleiar kontor- og fellestenester, med arbeidsstad Leikanger, ligg i Stab og forvaltning. Seksjonen har 20 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg kontor- og servicedrift av Vestland fylkeskommune sitt administrasjonsbygg i Leikanger og administrasjonslokalet i Førde
- Ansvar for servicetenester for vegavdelinga i fylkeskommunen sine administrasjonskontor i Førde, Nordfjordeid og på Voss
- Koordinere arbeidsoppgåver for fellestenester
- Møblering av lokala i tildelt bygningsmasse
- Inngåing/endring/oppseiing av serviceavtalar innan ansvarsområdet
- Kontaktledd mot leverandørar innan ansvarsområdet, inkl. leverandør av kantinedrift
- Ansvar for leasing, drift og vedlikehald av bilpark ved administrasjonsbygget på Leikanger og administrasjonslokalet i Førde
- Brannvernansvarleg for brukar
- Oppfølging av utleigeavtalar i bygget
Lista er ikkje uttømmande.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelornivå innan relevant fagområde, men slik at anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer medarbeidarar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet og utviklinga av avdelinga
- Serviceinnstilt og evne til god kommunikasjon
- Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig
- God framstillingsevne, munnleg og skriftleg
- Høg etisk standard
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
områdeleder, områdeleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385527807
- Sist endret