Spesialsjukepleiar 100% fast
Alver kommune
- Frist 16.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar med engasjement for eldreomsorg?
Velferdssenteret søkjer etter ein engasjert spesialsjukepleiar med spesiell interesse og fagkunnskaper for palliasjon. Alver kommune har ett godt nettverk samansett av kreftsjukepleiarar, palliatører og sjukepleiarar som jobbar med palliasjon både i sjukeheimstenesta og heimetenesta. Nettverket vårt har samlingar ca. ein gang i månaden.
Om Velferdssenteret
Velferdssenteret ligger flott plassert på Manger og har plass til 38 pasienter. Sjukeheimen har både langtidsplasser for personar med demens og somatisk sjukdom og korttidsplassar, inkludert 3 plasser for palliasjon. Hos oss møter du eit godt faglig miljø beståande mellom anna av lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedhjelparar. Vi har eige kjøkken og reinhaldspersonale.
Arbeidsoppgåver
Gje faglig og helhetlig sykepleie og behandling gjennom tverrfaglig samarbeid med lege, kollegaer og pårørende.
- Delta i avdelinga sine arbeidsoppgaver, være ein god rollemodell
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Være ein inspirerende veiledar for kollegaer, elevar, lærlingar og studentar
- Ivareta pasientane sin identitet, egenverd og selvstende
- Lindrande behandling ved livets siste dagar
- Dokumentere i gjeldende journalsystem
Vi ønsker at du skal være ressursperson og være med i nettverk av ressurspersonar i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Vest som kjem i tillegg til nettverket i Alver. Målet med nettverka er kompetanseheving og samhandling slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik i alle nivå av helsetenesta. Ressurspersonane får systematisk kompetanseheving gjennom samlingar i nettverket. Dei praktiske oppgåvene til ressurspersoner er knytt til klinisk arbeid på arbeidsplassen, samhandling og systemarbeid, klinisk forbedringsarbeid og kompetanseoppbygging.
Kompetansekrav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskjeleg med videreutdanning innen kreftsjukepleiar eller palliasjon e.l
- Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test.
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheter
- Fordel med erfaring frå eldreomsorg
Kven er du?
Du har vidareutdanning og eller erfaring i palliasjon. På Velferdssenteret ønskjer vi oss ein sjukepleiar som er handlekraftig og fleksibel, som finn gode løysingar sjølv i pressa situasjonar. Det er viktig at du kan jobbe strukturert, og at du kan prioritere og delegere oppgåver. Som sjukepleiar bidreg du aktivt til at pasientane får ein trygg og god kvardag, til tross for utfordringane dei har. Du er ein lagspelar som trivs i tverrfaglege team og er klar for kunnskaps- og erfaringsdeling med kollegaer.
Du er open for ulikskap og evner å byggje relasjonar basert på respekt og tillit.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Årsturnus
- Du har rom for å påverke arbeidstida di, td. med langvaktar og arbeid kvar 6. helg
- Sjukepleiarane i Alver kommune ligg over minstelønnsgarantien til KS
- Rekrutteringstillegg på 50.000 kr mot to års bindingstid
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Gratis parkering
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Idrettsvegen 2, 5936 Manger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Kreft/onkologi, Sykepleier
Nøkkelord
palliasjon, lindrende behandling, nettverk, kreftsjukepleie, veiledning
Fagerholmen- Bruknappen- Radøy (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385529662
- Sist endret