Bilmekanikar
Toyota Voss A.S
- Frist 29.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer ein dyktig og engasjert bilmekanikar med lidenskap for bil og teknologi.
Vil du jobba med ein av verdas sterkaste merkevare? No har du moglegheita!
Gjennom kontinuerleg forbetring og respekt for menneske ynsker me at våre kundar skal vere Noregs mest fornøgde bileigarar. Hjå oss vil du bli ein del av eit dyktig team på over 8 tilsette. Til stillinga søkjer me deg som veit kor avgjerande kvalitet og god service er, og som har evner til å ivareta nye og eksisterande kunder gjennom heile kundereisa.
Du er interessert i og har vilje til å utvikla deg i faget. Det er fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Relevant praksis kan oppvega for fagutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Service, vedlikehold og reparasjoner
- Diagnose og feilsøking
- Utføre kvalitetsarbeid etter produsent og importør sine retningslinjer
- Sikra høg kvalitet på eige utført arbeid.
Ønskte kvalifikasjonar
- Fagbrev eller anna relevant erfaring
- Er faglig dyktig, nøyaktig og effektiv.
- Har høg arbeidskapasitet og er løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Er pliktoppfyllande og innehar høg serviceinnstilling
- Er positiv og har gode samarbeidsevner
- Førerkort klasse B
I stillinga tilbyr me
- Moglegheit til å arbeide i ein spennande bransje som er inne i ein rivande utvikling.
- Moglegheit til å arbeide med ein av verdas sterkaste merkevare
- Læra å bli godt kjent med Toyota sin servicefilosofi
- God faglig støtte og spanande stilling med gode utviklingsmogelegheiter
- Fagleg oppdatering og utvikling gjennom Toyotas opplæringsprogrammer
- Ein veldig seriøs bedrift som investerer i og for framtida
- Ei miljømedvite firma
- Konkurransedyktig vilkår med pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste og personalhytte
- Hjå oss legg me stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhold
Om arbeidsgiveren
Toyota Voss flytta til Tjukkebygdvegen sentralt på Palmafossen i 2018. Me er ein komplett bilforhandlar med bilverkstad, dekkhotell og sal av nye og brukte bilar. Me er merkeverkstad for Toyota, og reparerer nye og brukte Toyota, både fossil, hybrid og elbilar. Den gode gjengen på Voss består av 3 mekanikere, 1 lærlinger, verkstadleiar, delelager/kundehandsamar, og 2 på salg. Toyota Voss er eit av 7 selskap eigd av Jæger Automobil AS, Vestlandets største bilforhandler som fører merka som Toyota, Lexus, BMW og Mini. Me vart Miljøfyrtårn sertifisert i 2021.
Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Lindås, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 240 tilsette og ei årleg omsetning på 1,5 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kunder og medarbeidarar skal bli endå meir nøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusentar og er leiande på miljøteknologi og forsking.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Mekaniker
Nøkkelord
bilmekaniker, reparasjon, vedlikehold, diagnose, toyota
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385536315
- Sist endret