Seniorkonsulent økonomi (vikariat)
Universitetet i Bergen
- Frist 06.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Seniorkonsulent økonomi (vikariat)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Seniorkonsulent økonomi (vikariat)
I fakultetsadministrasjonen (https://www.uib.no/matnat/57738/fakultetsadministrasjonen) ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi (https://www.uib.no/matnat)er det ledig eit årsvikariat som seniorkonsulent økonomi.
Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliard kroner.
Økonomiseksjonen ved MN-fakultetet har om lag 25 høgt utdanna medarbeidarar som sit samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenestar og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.
Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du jobbe i ein høgt kompetent og inkluderande miljø og få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet. Du rapporterer til seksjonssjef.
Arbeidsoppgåver:
Døme på arbeidsoppgåver for ein seniorkonsulent økonomi:
- Budsjettering og oppfølging/analyse av budsjett og rekneskap
- Oppretting, oppfølging og avslutting av prosjekter
- Rapportering til instituttleiing, prosjektleiar, finansieringskjelder og andre
- Sakshandsaming
Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga som økonomirådgjevar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha utdanning på bachelornivå med relevante fag i fagkrinsen og med gode resultat.
- Relevant erfaring er ein føremon.
- God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er ein føresetnad.
- Relevant erfaring med prosjektarbeid er ein føremon.
- Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
- Søkjarar bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som
- Er fleksibel, strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne.
- Har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig
- Er serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) med ei årslønn mellom kr 557 100 og kr 600 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- Kompetanse- og karriereutvikling med eit allsidig kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kontorsjef Hanne Litleskare Hammer telefon 55 58 27 62 / e-post hanne.litleskare.hammer@uib.no eller seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-post trine.lie@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allegaten 41, 5007 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385543008
- Sist endret