Sommerjobb IT-studentar
Brønnøysundregistrene
- Frist 30.01.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du IT-student og har lyst til å vere ein sommar på Helgelandskysten?
Om stillinga
Er du IT-student og har lyst til å vere ein sommar på Helgelandskysten? Vi har to spennande sommarjobbar ledig!
Vi har eit stort IT-miljø der vi utviklar og forvaltar IT-løysingar som er viktige for heile Noreg. Du blir ein del av utviklingsmiljøet vårt og får bruke kunnskapen din til å løyse reelle utviklingsoppgåver innan frontend eller backend. Du får tett oppfølging frå erfarne utviklarar som rettleier og jobbar saman med deg i team. Oppgåvene blir løyste med moderne teknologi. Du får passe store og utfordrande arbeidsoppgåver, der du lærer mykje nytt og knyt langsiktige kontaktar.
Kvalifikasjonar
Du må
- minimum ha fullført andre studieår av ein bachelorgrad, eller minimum ha fullført tredje studieår innan IT dersom du går master
- ha god kjennskap til Java og Springboot eller React og javascript
- ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- du tar initiativ og jobbar godt både sjølvstendig og i team
- du må vere analytisk og strukturert
Dette får du hos oss
Vi vil hjelpe til med å skaffe bustad under opphaldet for utanbys søkarar. Reiseutgifter tur/retur Brønnøysund - studiestad og ev. husleige blir dekt av oss. Dette er skattepliktig inntekt.
Stillinga har ei varigheit på 6-8 veker, med oppstart 23.06.2024. Stillinga er lønna med etterskotsvis timelønn som konsulent (kroner 232,- pr. time). Det blir trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di. Arbeidstid er måndag-fredag kl. 0800-1500.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr - uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Verd å merke seg før du søker
Vi ber om at du opplyser når du kan starte og kor lenge du kan jobbe.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet)
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Utvikler (generell)
Nøkkelord
java, springboot, react, javascript, frontend
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385607524
- Sist endret