Teknikar, Tele & Signal
Helse Vest IKT
- Frist 18.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Teknikar
Helse Vest IKT søkjer teknikar til arbeid med service og vedlikehald på Helse Vest sitt telefoni-, audio/video- og pasientvarslingsutstyr. Helse Vest IKT er sjukehusa sin totalleverandør av IT og kommunikasjon, og har ein av Vestlandets mest komplekse infrastrukturar. Med over 30 000 sluttbrukarar i Helse Vest, er våre fagsystem kritiske for arbeidskvardagen til dei tilsette og tryggleiken til pasientane.
Du vil vere del av ein seksjon med 26 fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar, fordelt på fleire lokasjonar.
Arbeidsstad: Haugesund.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av smarttelefonar, IP-telefoni, audio/video- og pasientvarsling, samt overfall- og akuttvarsling.
- Følgje opp brukarar og fagsystem, og vere Helse Vest IKT sitt ansikt utad.
- Delta i prosjekt- og teamarbeid.
- Arbeidsoppgåvene er varierte, men blir i stor grad utførte på sjukehus/DPS.
- Søkjar må rekne med reising, primært i Helse Fonna og Helse Vest sine område.
Kvalifikasjonar
- Kunnskap om smarttelefoni og mobiladministrasjonsverktøy.
- Føremon med erfaring frå drift og vedlikehald av pasientvarslingsanlegg.
- Føremon med erfaring frå drift og vedlikehald audio/videoanlegg.
- Ønskeleg med fagbrev innan svakstraum og/eller elektro.
- Beherskar IKT som verktøy i kvardagen.
- Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, resultat- og målorientert.
- Du arbeider sjølvstendig og tek initiativ, men samarbeider godt med andre når situasjonen krev det.
- Du er løysningsorientert, lærevillig og serviceinnstilt.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Vi ser etter nokon som likar å sette seg inn i nye ting, og som torer å ta ansvar for saker som er litt utanfor kompetanseområdet.
Vi tilbyr
- Interessante oppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling, og høve til å vere med og forme framtidsretta IKT-løysingar innan helse.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid.
- Godt sosialt arbeidsmiljø.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Tekniker, Tele&signal
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385632708
- Sist endret