Fleire stillingar som miljøterapeut i døgnturnus og langvaktsturnus i 100%
Øygarden kommune
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Terna bustad
Terna bustad ligg på Rong, og gir døgnkontinuerlege tenester til personar med autisme og psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.
Vi søkjer etter fleire engasjerte medarbeidarar.
Vi ønsker deg som ser verdien av gode langvarige relasjonar, ein strukturert kvardag - og likar å jobbe i team for å gjere kvarandre betre! På bakgrunn av arbeidets art er det viktig at du har evne til å kunne stå i situasjonar som kan vera fysisk og/eller psykisk krevjande.
Dette er ein spennande stilling der du vil kunne være med og bidra til utvikling av tenestetilbodet.
Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, andre høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar og assistentar.
Døgnturnus er ei ordning der ein er på arbeid to eller tre døgn samanhengande etterfølgd av friperiodar på 7 dagar. Arbeid 4. kvar helg. Arbeidet er organisert i team, og ein er minst to på jobb samtidig. I turnus er det også lagt inn møtetid til personalmøte og kurs.
Langvaktsturnus har 2 til 4 langvakter på inntil 12.5 timar på rad og arbeid 4. kvar helg.
Vi har som mål å yte gode faglege og forsvarlege tenester som inneber stabilitet, kontinuitet og tryggleik for bebuarane, med god livskvalitet og autonomi innanfor definerte rammer og klare grenser. Det vil vere behov for vernepleiar / sjukepleier i
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å skape meiningsfylte og innhaldsrike dagar for bebuarane
- Leggja til rette for bebuarane i daglege gjeremål og aktivitetar
- Medikamenthandtering
- Arbeide for å førebyggje, følgje opp tiltak og handtere utfordrande åferd og krevjande situasjonar.
- Systematisk målretta miljøarbeid
- Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
- Kunne følge opp mål og tiltak samt dokumentere tenesteutøving
- Arbeid etter kap 9, HOTL
- Bidra til å etablere gode relasjonar og utvikle eit godt tenestetilbod
- Vurderingar og registreringar knytt til risikovurderingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig høgskuleutdanning.
- I tenesteytingar vil det vere behov for vernepleiar-/sjukepleiarkompetanse i teama.
- Relevant arbeidserfaring med målgruppa
- Kunnskap og erfaring med psykisk utviklingshemming med samansette diagnosar.
- Erfaring med målretta miljøarbeid, legge til rette for positiv utvikling
- Erfaring i arbeide med åtferd som utfordrar
- Kjennskap og erfaring til arbeid etter kap 9
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort kl. B med manuell gir.
Vi søker deg som:
- Er roleg, trygg, robust og kan handtere psykisk og fysisk krevjande situasjonar
- Meistrar å stå i krevjande situasjonar over tid
- Det er naudsynt med god fysisk helse særleg i døgnturnusen då arbeidet er fysisk krevjande
- Fleksibel, god evne til å skape gode relasjonar og har evne til å sette grenser
- Gode samarbeidsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø og fokus på å gjere kvarandre gode
- Følgjer reglar og rutinar, jobbe strukturert og er ansvarsbevisst
- Tar initiativ og ansvar, kan jobbe sjølvstendig, strukturert og resultatorientert
- Du liker å jobbe i team og deler gjerne av din kunnskap slik at vi saman blir betre
Personlege eigenskapar blir vektlagt høgt
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Ved omorganisering, omstilling eller andre forhold, som kompetanse hos tilsette og personlege omsyn kan stillingsinnhold, turnusordning, ansvarsområde og plassering i organisasjonen bli endra.
Det må kome klart fram kva stilling/stillingar du søkjer på.
Ved intern tilsetting kan det bli fleire stillingar i langvaktsturnus
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
- Attraktiv turnus med arbeid 4 kvar helg.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Kontakt:
Einingsleiar MMNF, Kristin Straume 997 99 526
Ass. einingsleiar MMNF, Elin Alfstad 477 97 112
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
sykepleier, miljøterapeut, vernepleiar, vernepleier, sjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385633196
- Sist endret