Prosjektingeniør
Stryn Kommune
- Frist 12.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye prosjektingeniør?
Stryn kommune søker prosjektingeniør i 100% fast stilling. Stillinga ligg under avdeling for
kommunalteknikk og inngår i etat for samfunnsutvikling. Avdelinga har funksjonane prosjekt, VA, park, grønt, veg, bygg drift og forvaltning, og reinhald.
Vi er på jakt etter ein sjølvstendig person med kjennskap til bygg- og anleggsbransjen, gjerne med kjennskap til prosjektering av veg/VA-anlegg. Som prosjektingeniør i Stryn kommune er dagane varierte. Du syter for anskaffing og oppfølging av konsulentar og entreprenørar i store og små investeringsprosjekt og følgjer prosjekta frå idé til overlevering. Du vil inngå i eit team på tre prosjektingeniørar som saman med driftsingeniør og driftsavdelingane skal løyse mindre og større utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre kommunen sine prosjekt innan fagområde veg, vatn, avløp og kommunale bygg
- Kontrollere ekstern prosjektering
- Utarbeide konkurransegrunnlag
- Innhente anbod
- Bidra til kontinuerleg forbetring av avdelingas rutinar og prosedyre
Kvalifikasjonar
- Høgare teknisk utdanning innan bygg og anlegg – høgskule/universitet
- Kompetanse på prosjektering av veg/VA er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kompetanse på prosjektleiing/byggjeleiing innan bygg og/eller veg og VA med minimum 3 års erfaring frå gjennomføringsfasen i bygg-og anleggsbransjen
- Erfaring med kontraktstandardar
- Kjennskap til gjeldande lovverk og forskrifter, som Anskaffelsesforskriften, Byggherreforskriften m.m.
- Sertifikat minimum B
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunskapar både munnleg og skriftleg
- Det er ynskjeleg med ADK-1 sertifikat, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, men trivst også med å jobbe i team
- Initiativrik
- Løysingsorientert med bakgrunn i fagkunnskap
- Du har gode evner til kommunikasjon, både ein til ein og i større forsamlingar
- Du er effektiv, strukturert og har evne til å føreta sjølvstendige vurderingar
Vi tilbyr
- Variert og utfordande arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Høge fjell, fjord, isbrear, elvar og vatn i djupe grøne dalar innbyr til aktivitetar og attraksjonar i verdsklasse.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6783 Stryn
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Bygge- og anleggsteknikk, Vann- og miljøteknikk
Nøkkelord
prosjektingeniør, anlegg, va, bygg, veg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385635149
- Sist endret