2024/10- Analytikarar, rådgivar/seniorr ådgivar)
Statens helsetilsyn
- Frist 07.01.2025
- Ansettelsesform Fast
To ledige stillingar for analytikarar
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for fagleg tilsyn med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
For å utvikle tilsynet og formidle tilsynserfaringar, må vi ha oversikt over informasjonen vi får frå tilsyn og klagebehandling. Denne informasjonen må vi bruke i overordna analysar, som grunnlag for avgjerder og til formidling.
Vi søker deg som vil bidra i dette arbeidet.
Vi har for tida ledig to faste stillingar som analytikarar.
Helsetilsynet er i gang med å gjennomføre eit digitalt skifte som er nødvendig for at vi skal kunne fylle samfunnsoppdraget vårt. Vi ser derfor etter deg som er motivert av samfunnsoppdraget, som er god på å samanstille og analysere data og er nysgjerrig på moglegheitene ved auka digitalisering av tilsyn. Dei som blir
tilsett skal innhente, behandle, analysere og presentere data frå tilsyn og klagesaker. Helsetilsynet organiserer arbeidet i tverrfaglege team, og du vil jobbe tett saman med andre fagpersonar med ulike fagbakgrunnar. Produksjon av statistikk basert på data som statsforvaltarane rapporterer inn i vår nåverande database, Nestor, vil også bli lagt til stillinga. Sidan tilsynsfaglege analysar og digitalisering er viktige utviklingsområde i Helsetilsynet, kan dei rette personane vera med å utforme stillinga sjølv.
Arbeidsoppgåver
- utvikle og formidle tilsynsfaglege analysar innanfor ansvarsområda til Helsetilsynet
- utarbeide rapportar, artiklar og presentasjonar med bakgrunn i tilsynserfaringar
- gi analysestøtte til verksemdsstyring og fagleg styring
- bidra i arbeidet med auka digitalisering av tilsynet
- bidra til å vidareutvikle formidlingskanalar
- samarbeide med statsforvaltarane, forskings- og kunnskapsinstitusjonar og samarbeidande etatar
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- relevant utdanning på masternivå
- solid metodekompetanse og erfaring med å behandle statistisk materiale
- erfaring med systematisering, samanstilling, analyse og formidling av data
- erfaring med tverrfagleg arbeid
Ønskte kvalifikasjonar::
- erfaring med utvikling av tenester innanfor barnevern, sosiale tenester eller helse- og omsorgstenester
- god digital kompetanse og erfaring med å bruke verktøy for kvantitativ analyse
- kjennskap til tilsyn og kvalitetsforbedring
- erfaring med visualisering og formidling av fagstoff
- prosess-/prosjektleiarerfaring
For å bli vurdert som seniorrådgivar krev vi lang og relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne
- fagleg nysgjerrig med gode samarbeidsevner
- strukturert, sjølvstendig og målretta med god gjennomføringsevne
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Lønn for rådgivar: 600 000 - 700 000 / seniorrådgivar kr 680 000 - 900 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 140 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385635642
- Sist endret