Helsesjukepleiar
Bykle
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Helsesjukepleiar
Bykle kommune og Valle kommune har felles helseteneste med Bykle kommune som vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle har 24 tilsette fordelt på legeteneste, fysioterapi, ergoterapeut, jordmor, helsestasjons- og skulehelseteneste samt psykisk helse og familiestøtte.
Det er fokus på innovasjon og utvikling i tenesta og eit nært samarbeid med andre kommunale tenester og spesialhelsetenesta. Helsestasjonen- og skulehelsetenesta består av tre helsesjukepleiera. Vi har nå behov for eit 100% vikariat i stillinga som helsesjukepleiar ut 2025.
Arbeidsoppgaver
- Helsestasjons- og skulehelseteneste
- Konsultasjoner, individuelt og i grupper, i samsvar med helsestasjonsprogrammet og nasjonale faglege retningslinjer for det helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsetasjons- og skulehelsetenesta
- Delta i videreutvikling av tenesta og i tverrfaglege samarbeid
- Psykisk helsearbeid for barn og unge 0-20 år
- Koordinere arbeid og gi støtte til born og familiar med samansette utfordringar
- Fremje ein kunnskapsbasert praksis
- Hygienetiltak, smittevern og vaksinering
- Sakshandsaming innan fagfeltet
- Andre oppgåver kan verte aktuelle ved endring på interne rutinar
Kvalifikasjoner
- Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning innan helsefremjande og sjukeførebyggjande arbeid
- Røynsle frå liknande arbeid er ein fordel
- God digital kompetanse, t.d. IT-verktøy som InfoDoc, Office og sosiale media
- Erfaring med prosjektleiing, utviklingsarbeid og kvalitetsforbetring vil vera ein fordel
Personlige egenskaper
- Gode kommunikasjonsevner
- Serviceinnstilt og imøtekomande
- Evne til samarbeid og bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Fleksibel og oppteke av endrings- og forbetringsarbeid
- Evne til å arbeide systematisk og strukturert
- Gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Løn etter avtale
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
- Bedriftsleiliget i Kristiansand
Krav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar lastas opp i Wedcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfold og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarlista. Du kan be om å bli unnteke, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385635659
- Sist endret