Vil du ha sommarjobb i Vestland fylkeskommune 2025?
Vestland fylkeskommune*
- Frist 19.1.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du ha sommarjobb i Vestland fylkeskommune?
Er du student eller heilt nyutdanna innan ein ingeniør-/teknisk fagretning og ynskjer deg ein relevant og utfordrande sommarjobb innan infrastruktur og veg, då må du lese meir her:
På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmar regional utvikling.
Avdelinga søkjer for sommaren 2025 inntil 17 sommarvikarar med arbeidsstad primært i Bergen eller Leikanger. Vi tilbyr varierte oppgåver der du vil ha din arbeidskvardag både inne på kontoret og ute på oppdrag. Vi ber deg skrive i søknaden kva eining og lokasjon du ynskjer å søkje på, samt kva tidsperiode du kan arbeide i.
Arbeidsoppgåver
Som sommarvikar hos oss vil du få god opplæring, spennande og relevante arbeidsoppgaver, eigen fadder og bli kjend med kunnskapsrike kollegaer i eit sterkt fagmiljø.
Følgande einingar og arbeidsoppgåver er aktuelle:
Geodata:
- NVDB oppdatering
- Ulykkesanalyserapport
- GIS-oppgåver
- Innsamling av trafikkdata
Fordel med studieretning geomatikk og GIS. Kontorstad er Bergen og Leikanger.
Geo og skred:
- Fagleg rådgjeving og prosjektering innan planprosjekt og drift-og vedlikeholdsoppdrag.
- Skredfaglege vurderingar i felt
- Vegteknologisk bistand innan forsterkningstiltak
Fordel med studieretning ingeniørgeologi, vegteknologi eller geoteknikk. Kontorstad er Bergen, Leikanger eller Voss.
Stab:
- Kartlegging av kulvertar og bruer som eventuelle fiskevandringshinder (fotografering og registering i kartapp)
- Fotografering av utvalde kuppelrister for å kartlegge påverknad på amfibiar
Fordel med grøntfagleg studieretning. Kontorstad er Bergen eller Leikanger.
Vedlikehald nord
- Bruinspeksjon
- Registrering av inspeksjon i forvaltningssystemet BRUTUS
- Kontroll og inspeksjon på/langs veg
Fordel med studieretning konstruksjonsteknikk. Kontorstad er Bergen, Leikanger eller Førde.
Vedlikehald sør:
- Registrering av asfaltstrekningar
- Arkivering/journalføring i internt sak- og arkivsystem
- Opprydding av arkiv i mappestruktur på lokaldisk
Kontorstad er Bergen.
Drift nord:
- Inspeksjon av alle objekt på vegnettet
- Registrering av behov og utbetring av avvik og skadesaker
- Følgje opp tilleggsarbeid og arbeid etter hendingar på veg
- Ansvar for utføring av mindre kontraktsarbeid
For å løyse desse oppgåvene er det naudsynt med sertifikat kl BE. Kontorstad er Nordfjord.
Vegforvaltning bergensområdet:
- Saksbehandling etter veglov og plan og bygningslov
- Oppgåver innan trafikkteknikk/trafikksikkerheit (prosjekt, kartlegging ol).
Kontorstad er Bergen.
Kven er du?
Vi ser etter deg som er under utdanning eller har nyleg fullført, primært på bachelor-/masternivå, innan relevant ingeniør-/teknisk fagretning.Du har generelt gode datakunnskapar og interesse i å setje deg inn i nye system.
Du trivast med sjølvstendig arbeid, men også i samarbeid med andre. Du har gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg.
For å kunne dra ut på oppdrag og befaring er det naudsynt med førarkort kl. B.
Vi tilbyr
- ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- god opplæring og fadderordning
- eit godt og inkluderande fagmiljø
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 17
- Sted: Postboks 7400, 5020 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Geomatikk, Geoteknikk og ingeniørgeologi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sommerjobb, Student, Miljø, Ingeniør, veg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385655494
- Sist endret