Sjukeheimslege i institusjonsteneste
Bjørnafjorden kommune Legetenester - sjukeheimslegar
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Sjukeheimslege i institusjonsteneste
Bjørnafjorden kommune kan tilby 6 månader institusjonsteneste for ALIS ved Luranetunet. Vi har difor oppretta ein eigen utdanningsstilling, og søkjer dermed ALIS i perioda 03.03.2025 - 31.08.2025.
I søknaden må du opplyse om følgjande;
- Kor langt du er i spesialiseringsløpet
- Antall år du har jobba som lege
- Kva kurs du har som er relevant for spesialistutdanning i allmennmedisin
Vi søker deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønsker å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande miljø! Det er gode moglegheiter for både «ad hoc» - og meir strukturert rettleiing av erfarne legar.
Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen.
Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året.
Vi har og 2 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.
Arbeidsoppgåver
- Utredning, behandling og oppfølging av bebuarar
- Tverrfagleg samarbeid
- Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell
- Samarbeid med pårørande, fastlegar og øvrige einingar og faggruppar
- Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Det vil bli lagt vekt på kor langt du er komen i spesialiseringsforløpet
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram.
Eigenskapar
- Vi søker deg som har interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin eller ønsker å lære om faget
- Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
- Du er ansvarleg, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- God konkurransedyktig lønn
- Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- En svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
- Interundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Allmennmedisinsk teneste på sjukeheim for spesialisering i allmennmedisin
- Rettleiing av erfarne sjukeheimslegar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solstrandsvegen 39, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege
Nøkkelord
Sykehjem, Sykehjemslege, ALIS, Insitusjonstjeneste, Eldreomsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385721413
- Sist endret