Bioingeniør
Helse Bergen
- Frist 19.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniør i grunnstilling ved laboratoriet på Voss sjukehus
Søker du ein jobb med stor variasjon innan fleire fagfelt, gode utviklingsmoglegheiter og eit godt arbeidsmiljø?
Då har vi det perfekte tilbodet for deg!
Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig ein spanande stilling som bioingeniør, og vi søkjer ein dyktig og engasjert person som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre profesjonar på sjukehuset.
Laboratoriet ved Voss sjukehus dekker fleire fagfelt som legg til rette for ein variert og utfordrande arbeidskvardag. Vi tilbyr fagfelt innan:
- hematologi og koagulasjon
- klinisk kjemi/immunoassay
- preanalyse og blodprøvetaking
- tapping av blodgivarar og transfusjonsmedisin
- mikrobiologi
Laboratoriet er døgnbemanna, og stillinga inngår i tredelt turnus og arbeid 3. kvar helg. Aften- og nattevakter er aleinevaktar. Turnus vert sett opp i samarbeid med dei tilsette, og du vil kunne kome med innspel på vakt- og helgefordelinga i denne. Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189.
Laboratoriet på Voss sjukehus er organisatorisk under MBF og Laboratorieklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus.
Voss er ein kommune i Vestland fylke omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar, mellom anna turar i fjellet, rafting, paragliding, alpint og rideturar. Voss herad har om lag 16 000 innbyggjarar og har eit rikt kulturliv med mange festivalar som Vossajazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko. I juni vert Voss Cup arrangert, ein av Noregs største barneturneringar i fotball.
Kommunen er i vekst og står framfor ei utvikling i åra som kjem. Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog om lag 1 time og 15 minutt, med bil om lag 1 time og 35 minutt.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her
Vi er klare til å inkludere DEG i vårt team ved laboratoriet Voss sjukehus. Oppstart etter avtale. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Studentar som får autorisasjon til våren oppfordrast og til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Analysearbeid innan klinisk kjemi/immunassay, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Hurtigtestar innen mikrobiologi
- Tapping av blodgjevarar
- Blodprøvetaking
- Rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som bioingeniør
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilt
- Må trivast i eit aktivt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er målretta, og får oppgåvene gjort
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Flytte- og/eller bustadgodtgjersle på inntil kr 40 000,- fyrste 12 månader.
- Rekrutterings- og beholder tillegg på kr 50 000,-. Tillegget blir regulert prosentvis etter stillingsstørrelse og er eit åreleg tillegg på topp av løn etter overeinskomst
- Kompetansetillegg på kr 15 000,- ved oppstart av aleinevakter
- Spennande jobb saman med gode kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, laboratorie, Voss, grunnstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385722976
- Sist endret