HMS rådgjevar
Voss herad
- Frist 13.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Ynskjer du å bidra til å styrke vårt fagmiljø innan HMS-arbeidet?
Voss herad skal styrka og vidareutvikla det førebyggande HMS-arbeidet, basert på kunnskap og erfaringar om dei risikofaktorane som er knytt til offentleg sektor og til kvar enkelt arbeidsplass i våre tenester. Me ynskjer å styrke vårt fagmiljø med deg som vil vera vår sentrale rådgjevar innan HMS-arbeidet. Stillinga ligg til HR-avdelinga ved stabsavdeling HR og Innovasjon. Du vert del av ei aktiv og kompetent faggruppe med ansvar for utvikling, rådgjeving og opplæring innan HMS og HR-feltet. Me har ein god arbeidsplass der arbeidsdagen er prega av utstrekt samarbeid på tvers i organisasjonen med moglegheit for påverknad og fagleg utvikling.
Me har ledig 100 % fast stilling som HMS rådgjevar med oppstart så snart som råd.
Arbeidsoppgåver
- Styrka det førebyggjande og systematiske HMS-arbeidet
- Rådgjeving innan HMS
- Koordinera og gjennomføre kompetanseutvikling, opplæring og informasjon
- Etablera og vedlikehalde HMS retningslinjer, rutinar og prosessar
- Leia og/eller delta i utrednings- og utviklingsarbeid
- Sekretærfunksjon for arbeidsmiljøutvalet og byggearbeidsutvalet
- Samarbeid med verneteneste og tillitsvalte
- Koordinera samarbeidet med bedriftshelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på minimum bachelor nivå
- Ynskjeleg med erfaring frå HMS arbeid i offentleg sektor
- Fordel med leiarerfaring
- God digital kompetanse og systemforståing
- Gode språk og kommunikasjonseigenskapar skifteleg og munnleg
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Personlege eigenskapar
- Evna til å skapa eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske einingar
- Kan arbeida sjølvstendig, strukturert og målretta med høg gjennomføringsevne
- Er ein god lagspelar og ein tillitsskapande relasjonsbyggar
- Er fleksibel og kan raskt handtere akutte situasjonar
- God formidlingsevne
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der me støttar og oppmuntrar kvarandre
- Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
- Høve til å påverke eigen arbeidskvardag
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Fleksitid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
- Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Voss Tinghus, 5700 Voss
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS
Nøkkelord
HMS, Rådgjevar, Rådgiver, HR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385730155
- Sist endret