Rådgjevar/ seniorrådgjevar - landbruk
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 12.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med statistikk, kart og landbruksforvaltning i Vestland?
Har du kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS), statistikk og presentasjon av data? Har du også kjennskap og interesse for landbruk, areal og miljø? Då er du kanskje hen vi er på jakt etter!
For å løyse oppgåvene våre, må vi systematisere og presentere mykje statistikk og informasjon om areal og miljø, landbruk og matproduksjon. Her kjem du inn i biletet. I denne stillinga vil du samarbeide med fagfolk innanfor jord- og skogbruk, miljø og arealforvaltning.
Statsforvaltaren samordnar den nasjonale politikken på fylkesnivå. Det gjer vi ved hjelp av informasjon, tilskots- og regelforvaltning og kontroll. Vi har til saman seks fagavdelingar med mange ulike oppgåver. Landbruksavdelinga vert leia frå Førde og har kring 30 tilsette, hovudsakleg i Førde og i Bergen.
Kontorstad for denne stillinga er Bergen.
Arbeidsoppgåver
Forvaltning og rådgjeving til kommunar og landbruksnæring gjennom å:
- halde ved like og utvikle relevant statistikk i Vestland
- bruke GIS-verktøy til å analysere og presentere data
- medverke til auka kunnskap om arealbruk
- andre relevante forvaltingsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning, inkludert fag som GIS og/eller statistikk.
- Kunnskap om landbruk, miljø og arealforvaltning er ein fordel.
- God kjennskap til GIS-program for å analysere og utarbeide kart.
- Kunnskap om program for omarbeiding og visualisering av data.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg.
- Gode evner til formidling og samarbeid.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv (https://www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/arbeidsmiljo-og-sikkerhet/inkluderende_arbeidsliv/id947/).
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2024/KAPITTEL_2-1-8).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 13, på Danmarksplass, 5058 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Geomatikk, Ingeniør, Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
gis, landbruksnæring, presentasjon, kart
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385734836
- Sist endret