Test ingeniør / Commisioning Engineer
Myklebust verft
- Frist 15.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Myklebust verft har behov for fleire dyktige skipsbyggarar, og vi treng deg på laget!
Hovudoppgåver og ansvar:
- Planlegge test og oppstarts program for nybygg og ettermarknad
- Koordinere og rapportere tester og inspeksjoner
- Kontakt med klasse og myndigheiter
- Bidra med å utvikle kvalitets arbeid
- Lage service rapporter ettermarknad
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Relevant teknisk utdanning og erfaring
- Erfaring frå verft eller annan maritim industri
- Gode datakunnskapar
- Fokus på kvalitet i ein hektisk kvardag
- Systematisk og strukturert
- Positiv og har gode samarbeidsevner
Myklebust Verft tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Konkurransedyktige arbeidsvilkår
Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken, 100%-stilling.
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
Teknisk sjef Peter Louis Hauge Husøy, tlf 900 45 765 eller HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker, tlf. 988 03 925
Om arbeidsgiveren
På Myklebust er vi stolte av å representere over 100 år med skipsbyggarhistorie. Engasjerte medarbeidarar er vår viktigaste ressurs. I kombinert med høg satsing på kompetanse vil dette sikre oss konkurransefortrinn dei neste 100 år.
Myklebust Verft har om lag 135 tilsette fordelt på 15 avdelingar. Dei internt tilsette på verftet representerer åleine over 35 ulike stillingar og titlar. Vidare samarbeider vi tett med underleverandørar og kundar i ein kompleks bransje som ligg langt framme når det gjeld nyskaping og utvikling.
Vi arbeider aktivt for å vere eit berekraftig og fleksibelt verft. Berekraft og utvikling er viktig for alle våre tilsette, og er med på å trygge arbeidsplassane våre også i framtida.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: 6082 Gursken
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Kvalitetssikring
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385738700
- Sist endret