Fagingeniør histologi og cytologi
Helse Fonna HF
- Frist 10.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagingeniør histologi og cytologi
Vi har ledig ei 100% stilling som fagingeniør i histologi og cytologi ved vårt patologilaboratorium i Avdeling for Laboratoriemedisin.
Laboratoriet vårt er flott plassert i den nye sørvestblokka, der ein kan nyte utsikta over Smedasundet og havet mot vest. På vår avdeling har vi tatt i bruk ny, avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig under utvikling.
No leitar vi etter ein engasjert fagingeniør til ei fast heiltidsstilling.
Dette er ein dagstilling og arbeidsdagen vil vere variert. Du får høve til å lære om ulike delar av laboratoriet gjennom grundig opplæring. Om det blir intern tilsetjing, kan andre stillingar ved patologi bli ledige. Ver vennlig og nevn i søknaden din om dette høyrest interessant ut.
Nyutdanna blir særleg oppmoda til å søkje på denne stillinga.
Oppstartsdato etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid
- Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
- Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid
- Rullering av arbeidsprogrammer innen flere fagområder
- Delansvar for fagområdet histologi og cytologi.
- Stedfortreder for fagansvarlig histologi og cytologi ved korttidsfravær og ferie.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Anna relevant utdanning og erfaring kan og bli vurdert.
- Kompetanse og erfaring innan patologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
- Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, muntlig og skriftlig
- Det vil bli lagt stor vekt på om søkjaren er personlig skikka for stillinga og viser vilje til å ta ansvar
Personlege eigenskapar
- Trives med å arbeide i eit tverrfaglig miljø og meistrar eit høgt tempo
- Har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Har god faglig vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
- Er god til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottar hjelp
- Tåler å stå i krevande situasjoner
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA- bedrift)
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagingeniør, histologi, cytologi, Bioingeniør, dagtid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385743496
- Sist endret