Spesialkonsulent - velferdsteknologi
Austevoll kommune
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Spesialkonsulent - velferdsteknologi
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysiopterapitenesta, miljøarbeidartenesta, Nav, Psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillighet. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Om stillinga
Austevoll kommune har ledig stilling som spesialkonsulent innan velferdsteknologi.
Spesialkonsulenten er organisert i Austevoll kommune sitt Tildelingskontor.
Vi søkjer medarbeidar som kan videreføre arbeidet med mål og strategi for velferdsteknologi i kommunen. Vi søkjer ein fagperson som kan kartlegge samt sjå nytteeffekt opp i mot brukar og beskrivne gevinster.
Arbeidsoppgaver
- Kartlegge behov på system og individnivå
- Utarbeida tenesteforløp for dei ulike teknologiske innretninger
- Utarbeida rolle og ansvarsmatrise for sakshandsaming
- Ansvar for å utarbeida gode rutiner for implementering og drift av teknologien i kommunen, inkludert opplæring
- Utvikla gode resultatindikatorer og å følge med effekt av velferdsteknologi som integrert verktøy i helse- og omsorgstenesta
- Evaluere tenester og prosessar
- Sakshandsaming innan tildelingskontoret sine fagfelt
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning på minimum bachelornivå. Tilleggsutdanning innan velferdsteknologi er ein fordel, gjerne mastergrad
- Erfaring frå arbeid med velferdsteknologi/digitalisering
- God organisasjonsforståelse og erfaring innan endringsprosesser
- Kunnskap om offentleg forvaltning
- Engasjement for innovasjon og samskaping
- God kjennskap til digital kommunikasjon og digitale plattformar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Søkjar må vere personleg eigna, og ved tilsetjing vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane vi krev for stillinga. Vi søkjer deg som er engasjert og kan bidra som agent for velferdsteknologi. Vidare ser vi etter deg som:
- er målretta og strukturert
- er fleksibel og sjølvstendig
- har stor arbeidskapasitet
- likar å arbeide i team
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Spennande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillinga kan bli vurdert som tittel rådgjevar dersom kvalifikasjonsevne til søkjar kvalifiserer til dette.
Austevoll kommune er tilknytta Digi Vestland, helsefellesskapet og IKT Nordhordland. I tillegg samarbeidar vi med fleire kommunar for vidare utvikling av implementering, organisering og rapportering for velferdsteknologi.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Sambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande!
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385765632
- Sist endret