Prosjekt- og byggjeleiar
Sveio kommune
- Frist 27.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å jobbe som prosjekt- og byggjeleiar i Sveio kommune?
Vi treng å styrkja staben vår med ein motivert og kompetent prosjekt- og byggjeleiar. Som prosjekt- og byggjeleiar vil du ha ei nøkkelrolle knytta til utvikling av kommunen sine byggjeprosjekt frå idéfase til ferdige prosjekt.
Stillinga inngår i avdelinga drift og anlegg, og stillinga rapporterer direkte til einingsleiar.
Nysgjerrig på stillingen og hvordan det er å jobbe i Sveio kommune? Lytt til podkasten vår på hamnoy.no eller der du hører podkast! 🎧
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER
Som prosjekt- og byggjeleiar vil du leie og koordinere kommunale byggjeprosjekt frå start til slutt. Du vil utarbeida anbodsdokument og gjennomføra anbodsprosessar, og du vil ivareta kommunen sin byggherrefunksjon gjennom planlegging, kontrahering og oppfølging av anlegg i produksjonsfasen
Andre sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver vil vere
- samarbeida med brukargrupper for å kartleggja behova
- sikre god økonomistyring og rapportering
- oppfølging av HMS og internkontroll ved dei ulike anlegga
- førebu saksframstilling for politiske organ
- anna sakshandsaming og oppgåver innan avdelinga
ØNSKTE KVALIFIKASJONAR OG PERSONLEGE EIGENSKAPAR
For denne stillinga er det ønskjeleg at du har relevant høgare utdanning, samt erfaring med prosjektleiing og byggjeleiing av større byggjeprosjekt. Evne til å samarbeida med interne og eksterne partar er viktig i denne stillinga.
Vidare ser me føre oss at du har
- erfaring frå gjennomføring av offentlege anbodsprosessar
- kjennskap til Byggherreforskrifta er ein fordel
- erfaring frå offentleg forvaltning er ønskjeleg
- evne til å jobba strukturert, organisera og vera ein pådrivar i prosjekt
- evne til å arbeida sjølvstendig og målretta
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- førarkort klasse B
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i vurderinga.
KVIFOR SVEIO KOMMUNE?
- Fagleg spanande oppgåver og eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Ei hektisk kvardag i ein kommune i kontinuerleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
- Fleksitidsordning
Søknadsfrist: 27.01.2025 – vi vurderer søknader fortløpande.
ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?
Ta kontakt med vår rekrutteringspartnarr HAMNØY AS ved rådgjeverane
- Espen Gismervik, tlf. 912 49 465
- Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056
Vis di interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål legg du ved søknaden. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oss i Sveio kommune i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Tiltredning etter avtale.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sveiogata 70, 5550 Sveio
- Bransje: Arkitektur, areal og interiør, Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkitekt og planlegging, Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektledelse, byggledelse, anbudsprosesser, byggeprosjekter, kvalitetssikring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 386127389
- Sist endret