Rådgivar lønn
Helse Bergen
- Frist 14.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar lønn
Lønns- og rekneskapsseksjonen er ein av 3 seksjonar i Økonomi- og finansavdelinga i Helse Bergen. Lønns- og rekneskapsseksjonen skal bidra til at alle tilsette i Helse Bergen får rett lønn til rett tid. Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med leiarar og stabsfunksjonar ved dei ulike avdelingar og klinikkar. Vi gir bistand om mellom anna lønn, permisjonar, reise, sjukefråvære og KLP- rapportering.
Vi har ledig 100% fast stilling som rådgivar.
Arbeidsoppgåver
- Kontroll og kvalitetssikring av lønns- og fråværsdata
- Opplæring/rettleiing/support av leiarar i HR-systemet innanfor oppgåver knytta til lønn, samt gjeldande lov- og avtaleverk. Seksjonen sine oppgåver er i endring, der fokus endrast frå registreringsarbeid til tettare oppfølging/rettleiing av leiarar i føretaket
- Delta i arbeid med andre administrative system som har sitt grensesnitt mot lønnssystemet
- Andre lønns- og fråværsrelaterte arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan rekneskap, lønn eller personal
- Relevant arbeidserfaring
- Erfaring frå bruk av moderne lønnssystem, gjerne erfaring frå UBW (Agresso Lønn og Personal) frå sjølvstendig rettleiingssarbeid
- Evner og erfaring med å gjennomføre opplæring og rettleiing, både for større grupper og éin til éin
- Likar å jobbe i team og er opptatt av kunnskapsdeling
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Serviceinnstilt, fleksibel, strukturert og nøyaktig
- God på prioriteringer og å holde tidsfrister
- God norsk skriftleg og munnleg forståing
- God systemforståing
Personlege eigenskapar
- Du må vere nøyaktig, ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Nyskapande
- Har stor grad av fleksibilitet og godt humør
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Liker å gi opplæring og støtte til tilsette
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Fleksitid
- Medlemsskap i Kommunal Landspensjonskasse
- Godt og høgt fagleg nivå på dine kollegaer
- Utviklingsmoglegheiter for den som ønskjer
- Sentrale og fine arbeidsforhold
- Vi har eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer som skaper trivsel mellom våre tilsette
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Lønn, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgiver lønn, rådgivar lønn, lønn og regnskap, helse bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 386422661
- Sist endret